Stian (18) vil bli lokførar slik som bestefar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Porten.no.

Årdal/Oslo: – Eg var med han mykje på jobb då eg var liten. Interessa for jarnbane fekk ei mykje takka vera det, seier Stian Gjermo Teigen, som i september i fjor byrja som banemontørlæring i Bane Nor i Oslo.

Arbeidet går ut på å halda skinnene ved like, men draumen er å bli lokførar.

Bestefar Harald Gjermo køyrte tog i ein mannsalder, og er stolt over at barnebarnet har valt same yrkesveg som han.

Han er sikker på at arvtakaren har det som skal til.

– Eg har snakka mykje med han om NSB-yrket, og når me snakkar saman, då er han gira. Det er eit godt teikn, seier Gjermo.

Slit med rekruttering til jarnbana

Før han flytte til Oslo gjekk Teigen anleggsteknikklinja på vidaregåande i Sogndal. Det var litt tilfeldig òg at han enda opp der han gjorde.

– Planen var å bli anleggsmaskinførar, men så fekk eg ikkje plass der. Eg hadde søkt banemontør i tillegg, og då eg fekk sjansen her i Oslo, så tok eg han med ein gong.

Tidlegare i mai var Teigen hovudpersonen då Dagens Næringsliv skreiv om at Bane Nor slit med å få tak i lærlingane dei treng. Teigen har ikkje tenkt så altfor mykje på årsaken til rekrutteringskrisa. Men trur noko av grunnen er at faget får liten plass på skulen.

– I tillegg er det ikkje alle som har ei jernbane i nærleiken, du må flytta heimefrå skal du jobba der. For meg låg det i slekta, så det var naturleg å starta med det same, seier Teigen.

Bestefaren var lokførar i 47 år, fram til han pensjonserte seg for halvanna år sidan. Sjølv om han har slutta, trur han yrket har framtida foran seg.

– Det er manko på lokførarar. Eg er pensjonert, men no fekk eg tilbod om å byrja opp igjen fordi dei manglar folk, seier Gjermo, som takka nei.

Eit steg nærare draumen

SPRINGBRETT: Skal du bli lokførar må du ha fagbrev i botn. Stian Gjermo Teigen flytta til Oslo for å gå i lære i Bane Nor, og koma eit steg nærare draumen. Foto: Privat

Det var han som rådde barnebarnet til å tenka i nye baner etter yrkeskulen.

– Dei som går ut i Årdal i dag, må anten køyra gravemaskin, eller byrja på fabrikken. Eg visste at NSB trengde mykje folk, og at det var mogleg å gå den vegen, seier Gjermo.

Skal barnebarnet Stian oppfylla draumen om å bli lokførar må han først koma inn på jarnbaneskulen. Då er det eit krav at du har fagbrev i botn. Om alt går i orden er det i lomma om eit år.

Å flytta heim til Årdal har ikkje noko hastverk.

– Eg visste at eg måtte ut av bygda uansett, viss eg skulle ha jobben eg ønskte, seier Teigen.

Lærlingmangelen tilseier at det bør vera grei skuring å finna seg ein jobb som banemontør når han er ferdig. Men Teigen trur det er mest sannsynleg at han følgjer i fotspora til bestefaren.

– Den sjansen er temmeleg stor ja. Det har vore planen min ganske lenge.