Ikkje berre-berre å vera korpsmusikar med allergi på 17.mai

Thea Svendsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje minst kan det vere ei fysisk påkjenning om ein spelar blåseinstrument med tung pust og rennande nase.

Ei som førebur seg til vårsesongen som korpsmusikant er Line Haugum som spelar basstrombone og euphonium i Eina Musikkforening i Vestre Toten.

På den store marsjeringsdagen, 17. mai, då blir det dobbel dose med medisinar og nyreinsa uniform. Ho pakker med seg nasespray og augnedropar før dei hopper på bussen. Nasesprayen er særskild uunnverleg å ha etter litt marsjering.

Håpar folk roar seg med bjørka

Elles skulle ho ønske at folk kunne roe seg litt med bjørka, særskild innandørs.

– Halde bjørkepynt utandørs sånn at det kan være mogleg å komme unna det innandørs i det minste. Det er ikkje til å halde ut dei stadane som har tatt inn bjørkeris til pynt.

Vardø Bymusikk, Knut Petterson i midten. foto: privat

Det interessante med blåseinstrument og pollenallergi-komboen er at for mange har det bidratt til betre lungekapasitet. Blant anna hos Knut Petterson som om fann ei ordning som gjorde livet hans enklare i forhold til å takle pollenallergien.

LES OGSÅ: Knut har flykta frå pollen i 12 år!

Slitsamt for alle, musikkantar og ikkje-musikantar

Sjølv om ein ikkje spelar i marsjerande korps kan pollen vera ei enorm plage som musikar. Det veit Niklas Joelsen mykje om.

Han er freelancetrombonist og fast i The Feelgood Orchestra, husbandet til The Stian Blipp Show på tv-2, og han spelar og i Christiania Blåseensemble som vann NM i Janitsjar i år.

Han seier at det var verst då han var liten, det var ikkje så mykje som hjelpte. No har han ein kur han kan ta to gonger i året som varer i to veker. Elles har han lært seg å leve med det, sjølv om det ikkje har vore berre enkelt.

– Det er heilt forferdeleg når det renner konstant frå nasen. Du kan ikkje vere i nærleiken av augne utan at dei hovnar opp og begynnar å klø som berre juling, seier han.

Han blir slapp uansett kva det er, enten det er tablettane sine biverknadar, eller at immunforsvaret er under konstant angrep.

Han seier at om der er noko han skulle ønske folk kunne vist omsyn til så er det å vise omsorg og forstå at våren er ein slitsam periode. Han og seier at det der med pynting med bjørk og kvister frå selje kan være slitsamt.

– Ein vil jo gjerne ha eit friområde når ein er inne, så auge og alt det andre kan få kvile og ein slepp å dusje heile tida.