Seks av ti elevar blir forstyrra av uro i klasserommet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kva lærarar og leiing skal gjere med uro i klasserommet har fått for lite merksemd, seier universitetslektor Magnar Ødegård ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Han disputerte nyleg til sin doktorgrad om temaet « Uro i skolen ».

Ødegårds studie samanliknar korleis forstyrrande oppførsel blir handtert på skular i Noreg og USA. 544 elevar i Noreg og 609 elevar i USA har svart på spørsmål om uro i skulen. Ødegård ville sjå om det var forskjell korleis elevane opplevde forstyrrande åtferd i norske skular samanlikna med oppfatninga i amerikanske skular. Elevane som var med i undersøkinga var mellom 15 og 17 år.

Uro eit kvardagsfenomen

Ødegård fann at 58 prosent av dei norske elevane og 66 prosent av dei amerikanske elevane hadde blitt forstyrra i klasserommet den siste veka. Han meiner funna er alarmerande.

Universitetslektor Magnar Ødegård. Foto: Shane Colvin/ Det utdanningsvitenskapelige fakultet, UiO

Av dei norske elevane svarte 49 prosent at åtferda var «svært forstyrrande», det høgste nivået i ein skala på tre.

– Mine funn dokumenterer at forstyrrande åtferd ikkje berre er noko som skjer av og til, men at det er eit kvardagsfenomen. Denne åtferda er ikkje eit lokalt problem på enkelte skular, men kan sjå ut til å vere ein generell utfordring på tvers av skular og utdanningssystem.

Ødegård meiner tydelege klassereglar og klare forventningar til kva typar åtferd som er akseptabel i klasserommet, kan vere noko som hjelper.

Eit rop om hjelp

Universitetslektoren meiner det er eit tydeleg rop frå lærarar om hjelp til å takle problematikken med uro i skulen.

– I tillegg til å forstyrre undervisninga, er uro også ein av hovudgrunnane til at lærarar sluttar i sitt virke i løpet av dei første fire åra etter enda utdanning, seier han i ei pressemelding.

– At mi forsking indikerer at uro i skulen er ein av dei største utfordringane i norsk skule, burde vere eit varsku for våre politikarar, seier Ødegård.

Doktoravhandlinga er del av eit større forskingsprosjekt om uro i skulen, leidd av professor Liv Duesund. (©NPK)