Kvotepliktige utslepp av klimagassar går opp
Klimagassutsleppa frå dei norske verksemdene i EUs klimakvotesystem auka noko frå 2016 til 2017. Miljødirektoratet peikar på at alle klimagassutslepp må ned.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dersom vi skal nå målet om eit lågutsleppssamfunn i 2050, må klimagassutsleppa reduserast i alle sektorar, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.
Klimagassutsleppa gjekk opp med over 250.000 tonn, eller i overkant av éin prosent, frå 2016 til 2017. Dette er ein større prosentvis auke enn i EU, der utsleppa gjekk opp med om lag 0,7 prosent. Det er første gong på sju år at utsleppa har auka i EU.
Klimagassutsleppa frå dei norske verksemdene i kvotesystemet var totalt 25,4 millionar tonn i fjor, og utgjer cirka 50 prosent av dei norske klimagassutsleppa.
138 norske verksemder innan industri, og olje og gass var omfatta av EUs kvotesystem i 2017. (©NPK)