Lovar 450 millionar til teknologisk skulesekk

Regjeringa varslar i revidert budsjett 450 millionar kroner dei neste fem åra til tiltak for å løfte interessa for realfag blant dei yngste elevane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Midlane vil bli kanaliserte gjennom den teknologiske skulesekken, ifølgje budsjettlekkasjen Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) omtalte måndag. Forslaget frå regjeringa til revidert nasjonalbudsjett for 2018 vert lagt fram 15. mai.

Vel halvparten av dei 90 millionane som skal delast ut årleg, vil bli brukt på utvikling av digitale læremiddel. Dessutan skal pengane gå til utstyr til kommunar og fylkeskommunar som prioriterer vidareutdanning og kompetanseheving innan programmering, vitensentera og IKT-tiltak i grunnopplæringa.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H). Foto: Marte Garmann, KD

– Barn og ungdom som i dag er skuleelevar, skal ikkje berre rustast for å handtere ny teknologi og nye hjelpemiddel. Dei skal utvikle, leie og drive teknologien vidare. Derfor må vi ruste skulane til å vere god rettleiarar for desse elevane, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) til ANB.

KrF stiller seg bak den digitale satsinga og sikrar dermed dei tre regjeringspartia fleirtal på Stortinget. (©NPK)