Twitter ber brukarane byte passord

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Twitter vart brukarpassorda skrivne ut i klartekst i ein intern logg, noko som ikkje skal skje.

Twitter understrekar at det ikkje er noko som tyder på at hackarar har vore involverte eller at passord har komme på avvege, men dei anbefaler likevel brukarane å byte passord.

– For å vere på den sikre sida, ber vi dykk om å vurdere å byte passord på alle tenester der passordet er nytta, heiter det i ei kunngjering frå Twitter.

Dei understrekar at det var dei sjølve som oppdaga glippen og at dei no set i verk tiltak for at dette ikkje skal skje igjen. Det er ukjent kor mange av Twitters over 300 millionar brukarar som er blitt ramma eller kor lenge passorda har lege ute.

– Vi beklagar at dette skjedde, heiter det i fråsegna.

I april kunne selskapet melde at dei for andre gong nokosinne har lagt bak seg eit kvartal der selskapet gjekk i pluss som følgje av vekst i annonseinntekter og brukarar. Resultatet i første kvartal var på 61 millionar dollar.

Etter at passord-glippen vart kjent fall Twitter-aksjen med 1 prosent.