– Ver ein «kjernekar», ta ekstra vare på russ som blir for fulle

Mange valdtekter skjer i samband med fest, og i fjor vart det meldt om 16 valdtekter i russetida. Kripos ber ungdommane om å passe på kvarandre.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med russefeiringa i full gang over heile landet minner Kripos om at mange festrelaterte valdtekter kunne vore unngått dersom venner følgde med og sa ifrå før det var for seint.

Gjennom kampanjen Kjernekar understrekar politiet at det er viktig å passe på vennene sine slik at det ikkje skjer dei noko, eller at dei gjer noko dumt som dei vil komme til å angre på resten av livet. Alle har eit ansvar for å forhindre det som er ei grov kriminell handling, seier Ann Kristin Grosberghaugen, leiar for valdtektsseksjonen i Kripos.

Nesten kvar tredje valdtekt skjedde mens andre såg det

– Vår gjennomgang av russevaldtektssaker frå i fjor viser at nesten kvar tredje valdtekt skjedde mens andre personar såg det, utan å gjere noko. Skal vi få ned valdtektsstatistikken er vi nøydde til å bry oss. Ver ein «Kjernekar», pass på vennene dine og ta ekstra vare på dei som blir for fulle. Sei ifrå dersom nokon filmar eller deler bilde av seksuelle overgrep, seier Grosberghaugen.

Kripos vil denne veka legge ut både videoar og andre postar på sosiale medium der dei tek opp att bodskapen i kampanjen.