Får gratis kontroll av russebussar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Også i år tilbyr Statens vegvesen gratis kontroll av russebiler og russebusser.

Køyretøy som vert godkjent i kontrollen får oblat i vindauget. Då slepp dei større tekniske kontrollar langs vegane i mai.

– Me er opptatt av at russen skal ha ei sikker russetid, òg på vegen. Me vil difor kontrollera flest mogleg køyretøy for å sikra at dei er i god stand, seier senioringeniør Jannicke Sjøvold i Statens vegvesen.

Hjelper undervegs
Russebussar har dei siste åra vorte meir og meir vanleg òg utanfor Oslo. Det kan vera vanskeleg å setja seg inn i regelverket når det gjeld ombygging av desse køyretøya.

– Det kan lurast å ta kontakt med oss i Vegvesenet før de set i gang større ombyggingsprosjekt. Me kan rettleia slik at ombyggingane både blir lovlege og trafikksikre, seier Sjøvold.

Respekter sjåføren!
I tillegg til å sørgja for at bilen eller bussen er i god stand, er det òg viktig å ha ein sjåfør med dei rette kvalifikasjonane. Særleg på bussane er russen avhengig av innleigd hjelp.

– Me er kjend med tilfelle der russ har annonsert etter sjåførar og samstundes oppmuntra dei til å bryta reglane. Det er viktig å vera klar over at desse reglane er til for tryggleiken for både dei sjølv og andre. La sjåføren få pause, ikkje ha fleire i bussen enn han er registrert for og ikkje forstyrr under køyring, seier Sjøvold.