Amerikanske Skam startar neste veke

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå klipp frå amerikanske Skam

Fleire små klipp frå amerikanske Skam er no tilgjengelege på SKAM Austin si Facebook-side. Som NRK melde i dag tidleg, blir det skrive at det vil komme daglege oppdateringar frå 24. april. Altså tysdag neste veke.

Den amerikanske versjonen skal publiserast på Facebook som har kjøpt rettane til serien.

På Facebook-sida er det også lenka til ein Instagram-konto. Der er det publisert ein rekrutteringsvideo til eit danselag som heiter The Boulding Kittens.

I videoen heng det eit banner som viser at skulen heiter Bouldin High, og sportslaget heiter Cougars.

I tillegg til The Bouldin Kittens, kan du følge personane Abigail, Josefina Valencia, Kelsey, Shay Dixon, Tyler Nunez og Jordan Diaz. Profilen «Overheard Bouldin» er også mogleg å følge.

Sjå videoen til The Kittens nedst i saka, men først:

Skal du sjå SKAM Austin?

Skal du sjå SKAM Austin?

Ja88
Nei23
Svar totalt: 111

Tryouts are coming up! Are you ready?

Et innlegg delt av Bouldin Kittens (@thebouldinkittens)