Skulen – og korleis vi kan blåse liv i han

Helge Sigurd Amdal Telnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi er alle samde i at skule er noko vi treng, at utdanning er ein god ting, slik har det «alltid» vore. Opp gjennom Noregs historie har mykje skjedd innanfor utdanning, og samfunnet jobbar framleis hardt med å lage gode nok skular. Likevel sit eg med ei kjensle av at utviklinga i den norske skulen har stoppa opp litt. I dette innlegget tar eg for meg kva eg meiner vi må fokusere på, for å få liv i skulen igjen.

Sjå for deg ein kjempestor ballong nokon har streva for å blåse opp, men som det no sakte sig luft ut av. Sidan den er så stor, tar det lang tid før den er heilt tom, og destruksjonen er nesten ikkje merkbar, men berre nesten. Til slutt ligg han der, heilt skrukkete og utan nokon særleg funksjon. Slik ser eg for meg skulen. Ein institusjon lufta er i ferd med å gå ut av, rett og slett.

Så du spør deg kanskje korleis eg, som ein heilt vanleg 18-åring, kan seie dette? Fordi eg ser det, er mitt svar. Eg ser vener av meg som mistar ei viss mengd med motivasjon for kvar dag som går. Og eg ser lærarane, som nærmast forgjeves prøvar å gje desse, og sjølvsagt alle dei andre elevane lærelysta tilbake. Korleis kan vi alle hjelpe dei med dette? Kor kan vi finne ny luft å fylle ballongen med?

Kor kan vi finne ny luft å fylle ballongen med?

Eg etterlyser ei endring i måten å tenke på. Vi må tørre å tenke nytt og utfordre dei gamle, trygge metodane i skulen. Dei som bygde opp skulesystemet vårt har ikkje gjort det for at vi skal slutte og utvikle det. Personleg drøymer eg om ein skule der elevar kan ha høve til å vere meir frie i læringa. Dette er spesielt viktig i den vidaregåande skulen, der elevane er vaksne nok til ta riktige val for å lære. Læraren må sjølvsagt gje ei hjelpande hand, men eg trur at om eleven sjølv er drivkrafta til læringa, vil alle tene på det.

Læraren må sjølvsagt gje ei hjelpande hand, men eg trur at om eleven sjølv er drivkrafta til læringa, vil alle tene på det.

Då eg byrja på vidaregåande hadde eg ein lærar som var brennande opptatt av korleis han best kunne inspirere og lære bort til elevane. I byrjinga av kvar time sa han dette: «No skal eg ta dette på tavla, men kva hjelper vel det, når læraren har gjort det i alle år?» Eg trur læraren min var inne på noko. Inspirasjon kjem ikkje nødvendigvis frå ei mørkegrøn tavle med nokre kritstrekar på.

Somme ynskjer å snakke med andre for å tileigne seg nytt fagstoff. Andre har eit større behov for å notere frå ei bok. Somme treng å bevege seg for å lausbinde kreativiteten sin og finne inspirasjon. Andre igjen, må kanskje sitje heilt stille og konsentrere seg for å få til dette. Mangfald, trur eg er eit nøkkelord, ikkje berre i kor forskjellige vi alle er, men også i korleis vi lærer best. Difor må også læremetodane vere mangfaldige, meiner eg.

Også klasseromma kunne trenge ei lita oppfrisking. Sjølv ser eg for meg eit ope rom, der det er mogleg å bevege seg, men òg sitje i ro viss det var naudsynt. Rommet skulle vere godt å vere i. Ja, og så hadde det ikkje gjort noko med litt fleire fargar. Kanskje det skulle ha vore noko mindre enn dagens A4-klasserom? Eller kanskje ei aning større? Må alle klasserom vere kvadratiske? Det er slike spørsmål eg synst det er tid for å spørje seg.

Ein enkelt person sit sjølvsagt ikkje på fasiten, men alle kan kome med forslag. Korleis ein skal få ein betre skule er det veldig mange meiningar om, men vi treng desse meiningane. Det er betre med ein diskusjon der ein er ueinige, men som er konstruktiv, enn ingen diskusjon. Så mi oppfordring til lærarar og elevar, politikarar, byråkratar og folk elles er å drøyme litt. Drøym om korleis du sjølv vil at skulen skal sjå ut, om ti, fem, kanskje berre to år fram i tid. Bli med og blås opp att ballongen!

Drøym om korleis du sjølv vil at skulen skal sjå ut, om ti, fem, kanskje berre to år fram i tid. Bli med og blås opp att ballongen!

Kjelder:

https://forskning.no/samfunn-barn-og-ungdom-samfunnskunnskap-skole-og-utdanning/2015/04/sann-far-vi-god-skole-mener