NRK P3 sleppte ny «Skam»-liknande serie i det stille

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så langt er det lagt ut to klipp, to skjermbilde av meldingar og minst tre instagramkontoar er knytt til serien.

Klipp og bilde blir publiserte heile tida på same måte som i gigantsuksessen «Skam», og søndag morgon blir klippa frå veka samla i ein episode, skriv NRK. Dei to klippa som ligg ute heiter «Hvor er vi» og «Vi er stille», og vi får møte karakterane Susanne, Mats og Ella.

Det er nachspiel, usikkerheit, sex og ein kvardag som verkar usedvanleg ekte, skriv NRK.

NRK P3 er også i gang med ein annan serie, som har fått namnet «Lovleg». Den skal frå juni av spelast inn på Firda vidaregåande skule på Sandane i Nordfjord, der det bur under 3.000 innbyggjarar. Ungdommane på den aktuelle skulen oppfattar serien som ein «Skam»-oppfølgjar», men P3s redaksjonssjef for TV og utvikling, Håkon Moslet, held korta tett til brystet. «Lovleg» er arbeidstittel på serien. (©NPK)

Sjå Blank-serien her!