Vil arrangere det største datapartyet på Vestlandet i Førde

Seks aktørar ønskjer å skipe til dataparty i Førde. Målet er at tilskipinga etter kvart skal bli den største på Vestlandet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 15.04.2018 17:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å arrangere dette blir ein fantastisk måte å skape ein møteplass for IT-interessert ungdom. Planen er at det skal gå av stabelen ein gong i september/oktober, seier dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS Rolf Sanne-Gundersen til avisa Firda.

I første omgang reknar ein med at om lag 300 ungdommar vil komme til arrangementet. Dei største tilskipingane av denne typen på Vestlandet har omkring 800 til 1000 deltakarar.

– Ein må jo ha ambisjonar, og ambisjonen er at dette med tida skal bli Vestlandets største treff av denne typen, seier marknadsansvarleg og forretningsutviklar i Enivest, Christiane Ulriksen til avisa.

Seks aktørar er med å arrangere datapartyet. Sunnfjord Utvikling AS, Høgskulen på Vestlandet og Enivest er arrangørar. IT-Forum og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har løyvd pengar til arrangementet, og Sunnfjord Skaparhus ved Øyvind Hellenes er med i planlegginga.