Vraka som nestformann i FpU etter brot på etiske retningslinjer

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vraka som nestformann i FpU etter metoo-saker

Valet av 1. nestformann splitta landsmøtet til Framstegspartiets Ungdom (FpU) no i helga. Sitjande 1. nestformann Kristian Eilertsen tapte mot Andreas Brännström med 30 mot 40 stemmer, ifølgje VG.

Eilertsen har fått klager frå fleire kvinner som meiner han har trakassert dei seksuelt. Han har vore taus om klagene, men snakka om det frå talarstolen på landsmøtet:

– Dei to siste månadane har vore ekstremt tunge og vanskelege. Det har vore ei vanskeleg tid både for varslarar, for partiet og for meg. Og eg har lyst til å si unnskyld, og igjen beklaga til alle som har opplevd oppførselen min som upassande, sa Eilertsen, ifølgje VG.

Martin Jonsterhaug (FpU). Foto: Aksel Hansen

Kritisk til handteringa

Martin Virkesdal Jonsterhaug, formann i Hordaland FpU, er ein av dei som har vore kritisk til korleis Frp har handtert fleire varslarsaker i FpU dei siste åra.

Han var ein av 20 medlemmar i ulike verv som signerte eit opprop der dei uttrykker uro over «at organisasjonsutvalet tilsynelatande ikkje evnar å beskytte unge menneske som ønsker å engasjere seg i ungdomspartiet. Når konklusjonen som ligg føre er at dei etiske retningslinjene er brotne, meiner vi at dette bør få konsekvensar».

LES SAKA: FpU-toppar med kraftig metoo-kritikk av Frp