– Unngå alt skredterreng i påska
Det er krevjande snøforhold i heile landet, og det er vanskeleg å vurdere skredfaren. Varsom.no anbefaler derfor om å unngå alt skredterreng i påska.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
E39 på Vestlandet vart i morgontimane søndag stengd av snøras. Og det går små og store skred over heile landet.
– Det har gått mange skred den siste veka, både på Austlandet, Vestlandet. Dei største har gått i Nord-Norge, skriv NVE si varslingsteneste for snøskred, varsom.no.
Betydeleg fare
I dag er det i følge nettstaden betydeleg (faregrad 3) i store delar av landet. Same prognosen er det for morgondagen, og sjølv om det er meldt fint og kaldt i påska, vil faren truleg halde fram. Faren blir også vanskeleg å vurdere.
Ifølge nettstaden vil det vere svake lag nede i snødekket som vil bli verande heile påska. At påskevêret ser ut til å bli både fint og stabilt, hjelper lite på skredfaren. Ifølge skredvarslinga vil også teikna på skredfare vere mindre tydelege enn vanleg.
Unngå alt skredterreng
– Ein bør derfor unngå alt terreng der det kan vere skredfare, og særleg der hellinga er meir enn 30 grader, åtvarar dei.
Skreda som har gått har vore utløyste av skigåarar, vore fjernutløyste og naturleg utløyste.
– Vi har oppdatert varselet med at det er betydeleg fare for naturleg utløyste skred. No skjer det mykje over heile landet, seier vaktleiar ved snøskredvarslinga, Tommy Skårholen, til NRK.no.