Dramatisk nedgang i Afrikas elefantbestand

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dramatisk for elefantane

Dei siste ti åra har elefantbestanden i Afrika gått ned med over 110.000 individ.

Før europearane kom til kontinentet var det sannsynlegvis kring 20 millionar elefantar i Afrika, medan det i dag berre er kring 415 000 igjen i område som er overvaka.

Det kjem fram i ein rapport frå Verdas naturvernunion (IUCN) som vart lansert fredag 23. september. Rapporten vart lansert under den pågåande FN-konferansen om truga dyreartar, CITES, i Sør-Afrika.

LES OGSÅ: Knølkvalar av utrydingstruga-liste

Krypskyttartrugsel
Der den største trugselen tidlegare var befolkningsvekst og skogrydding, er det no krypskyttarar på jakt etter elfenbein som utgjer den største faren for elefantane.

– Det er sjokkerande, men ikkje overraskande at krypskyting har hatt slik dramatisk effekt på denne ikoniske arten. Rapporten gjev meir vitskapeleg bevis på at ein må trappe opp kampen mot krypskyting. Men denne innsatsen må ikkje ta fokus frå andre viktige aukande trugslar, som tap av habitat, seier IUCN-leiar Inger Andersen i ei pressemelding frå IUCN.

Ifølgje WWF (World Wide Fund for Nature) vert mellom 20 000 og 30 000 elefantar drept av krypskyttarar årleg. Organisasjonen reknar med at det i perioden 2007-2014 vart eksportert 170 tonn ulovleg elfenbein ut av Afrika. Asia og spesielt Kina vert utpeikt som ein av dei største marknadane for elfenbeinshandelen.

– Om Kina ville, kunne dei sett ein effektiv stoppar for elfenbeinshandlen no. Men der skjer ikkje noko, seier Bo Normander, prosjektleiar for skog- og biodiversitet hos WWF til Berlingske Tidende.

Stabilt i Sør-Afrika
Rapporten teiknar eit dystert bilete av framtida for dei afrikanske elefantane.

Særleg stor er nedgangen i Aust- og Sentral-Afrika der bestanden er halvert sidan 2006.

Sør-Afrika har i dag den største elefantbestanden på kontinentet (om lag 70 prosent) og er saman med Nambibia og Zimbawe eit av landa med stabil eller stigande elefantbestand. Men i Den sentralafrikanske republikk er savanneelefanten nesten utrydda.

Gabon og Kongo har den største bestanden av afrikansk skogselefant, som er meir utryddingstruga enn sin større fetter på savannane.

Fram til 2010 trudde ein at desse var same art. Men skogselefantane får sine fyrste ungar etter 23 år, og så ein ny kalv med 5-6 års mellomrom. Savanneelelfantane får derimot sine fyrste ungar når dei er 12 år, og kan få ein ny kalv etter berre 3-4 år. Slike dramatiske skilnader får store konsekvensar for korleis populasjonane utviklar seg.

Les meir om nye funn i stamtreet til elefantane her!