Varaordførar Marita Moltu i Bergen melder seg ut av KrF, og byrådspartia misser dermed fleirtalet i bystyret. – Trist, seier partileiar Knut Arild Hareide.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Grunngjevinga for avgjerda mi handlar i hovudsak om manglande tillit til partiet både lokalt og nasjonalt. Dette inneber både partikultur og politiske vegval, skriv Moltu i ei pressemelding måndag morgon.

Byrådsleiar Harald Schjelderup har i dag lansert ein plan for meir nynorsk i Bergen.
Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) mistar fleirtalet, men held fram i mindretal. Han vil ikkje utvida byrådet i denne omgang. Foto: Hordaland Ap

Ho vil dermed sitja som uavhengig representant i bystyret i resten av perioden, fram til lokalvalet i 2019, skriv Bergens Tidende. Avgjerda får likevel store konsekvensar for bystyret i Bergen. Byrådet som er sett saman av Arbeidarpartiet, Venstre og KrF, har fram til no hatt eit knapt fleirtal med 34 av 67 representantar i bystyret, men etter utmeldinga til Moltu sit dei att med 33, som er éin for lite til å danna fleirtal.

– Arbeidssituasjonen har dei siste åra vore krevjande. Eg innser no at eg vil ha ein betre føresetnad for å ta vare på rolla mi som folkevald utanfor partiet, skriv Moltu.

Dei Kristne

Bergens Tidende har tidlegare omtalt at Moltu har vore i konflikt med fleire i partiet etter at det blei kjent at ho skulle vera med på ei partisamling i Partiet Dei Kristne (PDK) helga for vel ei veke sidan. Dette er same partiet som ektemannen til Marita Moltu og tidlegare KrF-byråd Tomas Moltu melde overgang til i 2016. Begge var trekkplaster til den såkalla interne inspirasjonssamlinga.

Avisa Dagen spurde sist veke Marita Moltu om kva parti ho stemde på i stortingsvalet i haust.

– Eg ser ikkje noko behov for å gå ut og kommentera det. No ønskjer eg at denne saka skal roast heilt ned. Det held for meg, svarte ho.

Knut Arild Hareide seier det er leitt at Moltu melder seg ut av KrF. Foto: Eirik Helland Urke/Flickr/CC-lisens

Respekterer avgjerda

Partileiar Knut Arild Hareide seier han respekterer avgjerda til Multu.

– Eg synest det er leit at Marita melder seg ut. Eg skulle gjerne hatt henne med vidare på laget, men eg har respekt for avgjerda ho har teke, skriv Hareide i ein e-post til NRK.

– Eg vil takka Marita for den store innsatsen ho har lagt ned over mange år i partiet og for jobben ho har gjort som varaordførar i Bergen dei siste åra, skriv KrF-leiaren.

– Oppsiktsvekkjande

Politisk redaktør i avisa Vårt Land Berit Aalborg meiner saka er oppsiktsvekkjande, og seier det er spesielt i norsk samanheng at ein person med eit så viktig verv melder seg ut av eit politisk parti.

– For nokre dagar sidan ville ho heller ikkje svara på kva ho hadde stemt ved førre stortingsval. Det er også noko vi sjeldan ser med personar som har så høge verv i eit parti, seier Aalborg.

Politisk kommentator i NRK Magnus Takvam peikar på at Moltu har uteblitt frå fleire partimøte i KrF den siste tida, at tilliten internt i Bergen KrF har blitt stadig meir tynnsliten og at det toppa seg med deltakinga på møtet til Dei Kristne.

– Moltu høyrde heilt klart til den konservative delen av KrF, som ønskjer å nærma seg Frp og Høgre. Slik sett reflekterer denne saka spenninga som er i KrF, mellom den konservative og liberale fløya, seier Takvam. (©NPK)

 

Oppdatert: onsdag 7. mars 2018 13.54
ANNONSE