Kvifor må bilen min EU-godkjennast?

Fyrst må eg seia, for å gni salt i såret deira, at tilhøvet mellom meg og EU i ein periode faktisk var i ferd med å betre seg. I barndommen var det umogleg for meg å ikkje bli ein rabiat EU-kritikar, så ofte som vi køyrde E6-en forbi siloen til familien Borten på Ler i heimkommunen min Melhus, der innskrifta enno lyser med store, blodraude bokstavar: «Nei til union!» Ved sidan av pinsekyrkja vi frekventerte i Trondheim låg forresten lokala til Raud valallianse, og skrifta på den veggen gav òg god meining: «Nei til sal av Noreg!» Når ein så etter kvart byrjar lefle med den moralsk høgverdige nynorsken, og føler sterkare på skuggane av det koloniale åket, manifestert gjennom fjelldansken eller det såkalla bokmålet – då er det ganske så utenkjeleg å vera positiv til imperiet EU, der danskane er del av den harde kjernen.

Men: Så byrja bleikfeite britar å mase om å få sleppe ut av EU. Frivillig gjekk dei inn i styggedommen, men plutseleg byrja dei attre seg! I utgangspunktet kunne eg forstå dei, men sympatien forsvann då eg høyrde grunngjevinga frå veldig mange av britane: «Vi vil ikkje ha fleire innvandrarar til landet, la dei drukne i Den engelske kanal.» Eg byrja tenkje: Kanskje treng vi faktisk eit EU i Europa, ein samvitsfull storebror som tvingar kvar einskilde sutrete vesle fillenasjon til å gjera sin del av jobben? Kanskje er vi avhengige av EU for å få knebla alle dei svinske rikspolitikarane som vil stengje grensene sine for menneske i ein krisesituasjon? Ein situasjon som forresten langt på veg er forårsaka av vestleg maktarroganse … Kanskje bør til og med Noreg bli med i EU, slik at Sylvi Listhaug ikkje så lett kan skyve alle ho ikkje liker på dør, og overlata problema til nettopp EU?

Slik sat eg og tenkte, og vart meir og meir rørt av min eigen sjenerøsitet og nåde andsynes EU. Men korleis svara EU på denne helgenaktige rausheita? Jo då, plutseleg ein ettermiddag, midt i julestria, låg eit brev i postkassa mi: «Husk at bilen din må EU-godkjennes innen utgangen av januar 2018.»

EU-godkjenning? Som om eg nokon gong kjem til å køyre bil i EU. Det må i så fall bli via Finland, Russland og Kviterussland, for eg set ikkje mine bein hjå dei svikefulle svenskane, langt mindre i den avflata puddingnasjonen Danmark. Dei køyrer sikkert som svin der nede òg, og eg nektar å døy på framand jord! Men frå spøk til side: Sjølve konseptet EU-kontroll er eit rettssikkerheitsproblem. Eg som ikkje kan å skru i ein skrue, skal altså overlevere bilen min – som forresten går som ein draum, nettopp fordi eg aldri skrur i han – til nokre som skal setja ein diagnose eg ikkje har sjanse til å forstå, og deretter tilby ei handsaming eg ikkje anar om eigentleg er naudsynt, enn seia verknadsfull. Jo fleire feil dei påstår at dei finn og hevdar eg må få retta på, di meir pengar kan dei krevja av meg. Eg anar ikkje kva eg betalar for, men betala må eg, viss ikkje kan eg like gjerne sende heile bilen på fyllinga.

«Skiftet hjullager venstre side fram.» «Demontert kortsluttet tilhengerkontaktadapter.» «Resatt dekktrykksensor.» Flytande malabarisk! Subsumert moskaudervelsk! Men der har ein vel eigentleg heile essensen av EU: Ein masse tomt snakk som ingen forstår noko som helst av, men som det heller ikkje er mogleg å opponere imot, fordi systemet attom den evige straumen av tungetale, er så komplekst og labyrintisk at ein ikkje anar kven ein skal vende seg til, kvar ein skal byrja. Så får dei halde fram då, med å kverne i hop stendig nye meiningslause lover og forskrifter, medan eg mitt nek sit att som eit spørjeteikn, og ein tilfeldig tridjepart kan drikke øl for pengane mine, og EU sjølv får Nobels fredspris for innsatsen. Men vi kan ikkje godt organisere vår eigen Brexit her på berget, ein Nexit, for vi er vel ikkje eingong medlemer av EU?

Les også om då girkassa til Erlend Skjetne rauk, og han enda opp med å vraka bilen… trudde han.

Oppdatert: sundag 12. mai 2019 12.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE