Vil at folk deler sovekupé for å spare miljøet
Dei som reiser aleine med nattog og vil ha sovekupé, må betale for to senger. MDG vil la folk kunne dele kupeen, for å unngå at mange tek fly i staden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag må du tinge ein heil tomannskupé til 930 kroner, sjølv om du reiser åleine på nattoget. I tillegg må du kjøpe vanleg togbillett.
– Det vert nok dyrt for mange. Eg saknar moglegheita til å bestille berre éi seng. For mange går det nok heilt fint å dele kupé med framande menneske, seier Sonde Båtstrand som sit i Bergen bystyre for Miljøpartiet Dei Grøne til NRK. Han ønskjer å endre ordninga på norske nattog.
Valfritt
Han trur ei løysing er å la folk krysse av for at ein er villig til å dele kupé når ein bestiller, men at dei som vil ha eigen kupé framleis skal få tilbod om det.
Før kosta det 125 kroner for ei seng i ein tremannskupé. Men då NSB pussa opp vognene i 2004 la dei om ordninga. Alternativet til sovekupé er å reise sitjande i vanleg kupé gjennom natta, eller ta fly.
Få ville dele kupé
Økonomiske problem var årsaka til at NSB pussa opp materiellet og la om tilbodet.
– NSB sitt feltarbeid ved omlegginga i 2004 viste at få syntest det var ein god ide å dele kupé, seier pressesjef Åge-Christoffer Lundeby til NRK.
NSB har ikkje vurdert å endre på ordninga sidan ho vart lagt om. (©NPK)