Fleire mindreårige spelar dataspel med 18-årsgrense
Mange fleire gutar enn jenter spelar dataspel, viser nye tal frå Medietilsynet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Barn og medium-undersøkinga 2018 viser også at stadig fleire barn spelar spel med høgare aldersgrense enn deira eigen alder.
Undersøkinga viser at det er minst forskjell i spelvanar når barna er i 9–10-årsalderen. Etter kvart som dei blir eldre, går dataspel-trenden kraftig ned hos jentene, men held seg stabil blant gutane. 46 prosent av jenter på 16 år oppgir at dei spelar spel, mens heile 92 prosent av gutane seier det same.
Størst forskjellar mellom jentene
Mens valet av spel er meir sprikande blant jentene, og dei fleste er mest interesserte i PC- og mobilspel, held spelvala til gutane seg ganske stabilt. Blant dei mest populære spela er Grand Theft Auto, Minecraft, Fifa og CS: GO.
– Jentene spelar mindre frå 12-årsalderen. Vi trur ei av årsakene er at sosiale medium og appar tek over mykje av interessa, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Dette stemmer også overeins med tala for aktiviteten på sosiale medium som Snapchat og Instagram.
Fleire mindreårige speler 18-årsspel
Barn og medium-undersøkinga 2018 viser også at mindreårige barn som har spelt spel med 18-årsgrense, aukar med 10 prosent frå førre undersøking i 2016.
– Grunnen til auken er ikkje openberr for oss. Moglege forklaringar kan vere at det er blitt større aksept for spel som kulturelt uttrykk, auka tilgjenge og at fleire foreldre spelar sjølv, seier Velsand. (©NPK)