Kald Flamme til Urørtfinalen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Nordhordland.no.

NRK P3 kårar kvart år «Årets urørt», og kvar dag denne veka er åtte kandidatar sett opp mot kvarandre i duellar, om kven som går til den store finalen i mathallen i Oslo under By:larm 1. mars.

Duellane går av stabelen i programma «P3 morgon» og «Christine», og det er lyttarane som avgjer kven som går sigrande ut av kvar duell.

I den første vann rapparen Kald Flamme frå Radøy med låten «Deba fint», ei forkorting for «Det er berre fint», kor han har med seg duoen Snow Boyz på gjestevokal. Dei slo ut songaren Margrethe i den første duellen måndag ettermiddag.

No har P3 for alvor oppdaga «Kald Flamme» frå Radøy

Fekk nyheita heime

Kald Flamme, eller Ulrik Kierulf Haugland, er frå Radøy, men bur og studerer musikkvitskap i Bergen. Han sat heime etter enda skuledag då han fekk det beskjeden om duellsigeren.

– Det var jo ei god nyheit, sjølv om det sjølvsagt kom litt uventa at eg skulle vinna.

Han har ikkje heilt oversikta over kva konkurransen vil enda med, men no må han førebu seg på tur til hovudstaden.

– Akkurat no har eg ikkje heilt kontroll over kva premien er, men eg skal bort og framføre låten under finaleshowet i Oslo.

Lokalt uttrykk

Artistnamnet Kald Flamme er todelt. Når rapparar duellerer på scena, kallar dei ordvekslinga for å spytte flammar.

– Og der eg kjem frå på Radøy betyr det å vera kald det same som å vera positiv og avslappa, og eg synest det klinger bra i hop. Difor Kald Flamme, seier rapparen.

Ung rappar set Radøy på kartet med «Bala Med»