Nikki Sixx døydde to gongar, men er framleis på topp

Anette Fadnes Marcussen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den 11. desember 1958 kom Frank Carlton Serafino Feranna til verda. Han blei født i San Jose, California, og kom seinare til å bli eit forbilde for mange. Det var likevel ikkje før han skifta namn til Nikki Sixx og starta Mötley Crüe.

Som liten vart Nikki mykje oversett og ignorert av foreldra. Faren forlot han og mora då Nikki berre var 3 år gammal, og dette skapte store problem for han seinare. Deana Richards, mora hans, var ganske ustabil og mykje fråverande. Ho var stadig ute med nye menn og Nikki vert sendt til besteforeldra i Idaho. Der oppdaga han musikk då han høyrte countrysongen «Big Bad John» av Jimmy Dean på radioen. Dette inspirerte han til å byrje å spele gitar, og straks var han interessert i å starte band.

Kva er ein bassgitar?

Seinare starta Nikki eit band i lag med Lizzie Grey, ein tidlegare bandkompis av han. Dei to hadde tidlegare vore med i bandet Sister i lag med W.A.S.P.-vokalist Blackie Lawless. Ilag starta dei London, og det vart bestemt at Nikki skulle spele bass. På den tida visste ikkje Nikki ein gong kva ein bassgitar var, så då han stal ein gitar og sa til bandet at han berre kunne spele bass på den, lo dei. Likevel var det Nikki som forlét bandet først. Han meinte at det ikkje gjekk i den retninga han ville det skulle, og bestemte seg derfor for å starte eit eige band.

Nikki Sixx i 2007. Foto: Christopher Peterson, CC BY 3.0-lisens

Gjennom ein felles venn møtte Nikki trommeslagar Tommy Lee, og dei to blei venar med ein gong. Etter å ha spelt i lag ei lita stund bestemte dei seg for å byrje å leite etter ein gitarist. Dei fann gitaristen i avisa «The Recycler», der det stod «loud, rude and aggressive guitar player».

Mottley Croo

Mick Mars var namnet på han som stod på døra deira med gitaren sin kort tid etter dei hadde ringt. I lag fann dei vokalisten Vince Neil, som på den tida spelte i bandet Rock Candy. Tommy hadde gått på vidaregåande med den blonde songaren, og sa at han var den dei trengte. Dei gjekk på den neste Rock Candy-konserten og bestemte seg der for at dette var rette mannen for jobben. Tommy gav Vince Neil nummeret sitt og sa at han måtte komme på audisjon for bandet. Vince sa at sjølvsagt skulle han komme, men då han kom, kanskje nokre veker seinare, sa han berre at han hadde mista lappen då han vaska buksene sine. Dette skreiv han om i autobiografien til Mötley Crüe – The Dirt – mange år seinare, og sa at det var ei blank løgn, for han vaska aldri buksene sine. Likevel, då han song i lag med resten av bandet, bestemte han seg for å bli.

Etter at Mick Mars føreslo bandnamnet «Mottley Croo» blei det bestemt at det passa ganske bra, sidan «Motley» betyr «blanda» eller «miksa», og dei fire mennene ikkje akkurat var nokon som ville vert med kvarandre elles. Tødlane på o-en og u-en tok dei frå ei øl dei likte på den tida som heitte Löwenbräu, og dermed vart Mötley Crüe namnet på bandet.

Marihuana < Heroin

I lag gav dei ut albuma «Too Fast for Love» i 1981 og «Shout at the Devil» i 1983 før alle fire byrja å få eigne store personlege problem å ta seg av. Nikki hadde byrja med heroin. Då han var ungdom brukte han marihuana, men hadde no funne ut at han trengte noko som var sterkare. I løpet av tre år hadde han allereie døydd ein gong av overdose, som han skriv om i boka «The Heroin Diaries». Problemet blei berre verre og verre ettersom 1987 fortsette. Sjølv om han prøvde å slutte kom det berre tilbake, og sterkare enn før. Den 23. desember 1987 var ein dag Nikki aldri vil gløyme, for då tok han enda ein overdose, og døydde før han hadde kome fram til sjukehuset. Han forklarar i boka si korleis han hadde ein «out-of-body experience», men blei brakt tilbake då ein doktor gav han adrenalin.

Det første Nikki gjorde då han kom ut av sjukehuset var å møte to jenter som sat utanfor med ein radio og grein. Dei hadde akkurat høyrt at Nikki Sixx hadde døydd, og blei sjokkerte då han kom ut i berre skinnbukser og spurte om dei kunne køyre han heim.

I bilen deira fekk dei han til å love at han aldri skulle ta heroin igjen, men det første han gjorde då han kom heim var å ta overdose og besvime på golvet.

Oppover

Etter det har han tatt seg saman igjen. Som han beskriv det sjølv i «The Heroin Diaries» slutta han «cold turkey». Det neste Mötley albumet blei spelt inn utan ein dråpe alkohol. Alle hadde bestemt seg for å slutte, då dei innsåg at ingen ville ende opp som Nikki Sixx på sjukehuset.

I eit nytt og narkotikafritt liv har Nikki Sixx oppnådd nokre av dei største tinga innan karriera si. Han starta Sixx:A.M. saman med DJ Ashba og James Michael som eit prosjekt for å lage eit album som skulle høyre i lag med «The Heroin Diaries», kalla «The Heroin Diaries Soundtrack». I tillegg har han ei fotokarriere der han har tatt bilete av mange med blant anna funksjonshemmingar eller personlege problem, og fortel historia deira gjennom fotografi. Sixx:A.M. har gitt ut eit album med tittelen «This is Gonna Hurt» som passar til boka med same namn. Begge to er om å vere glad i kven du er og å ikkje bry deg om kva andre synest – for det har ikkje noko å seie. Boka fokuserer på historiane til dei Nikki har fotografert, og du får eit innblikk i korleis kvar og ein av dei har det.

Selfie #Leica #nikkisixxphotography

Et innlegg delt av Nikki Sixx Photography (@nikkisixxphotography)

Pensjonert?

Nikki starta og eit radioprogram i 2010 som akkurat gjekk av lufta som heitte «Sixx Sense». Det var eit av dei mest populære radioprogramma innan rockemusikk, og hadde gjester som Slash og Metallica for å nemne nokon få.

Gjennom livet har Nikki oppnådd mange ting, og han har lært av alle feila han har gjort. I dag er han lykkeleg gift og har fire ungar. Han tar framleis bilete, og i tillegg har han byrja å måle og spelar mykje meir gitar. Han har sagt på sosiale media at han har pensjonert seg, men eg tvilar ikkje på at me snart får høyre om enda noko nytt han skal gjere.