«That Time of Year» – ein song du aldri vil bli lei av

Anette Fadnes Marcussen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein song du aldri vil bli lei av

Eg oppdaga Vinnie Vincent Invasion fordi eg allereie høyrer på KISS, og sidan eg verkeleg hadde sansen for gitaren til Vinnie Vincent byrja eg å søkje han opp, og fann straks ut at han hadde eit eige band.

«That Time of Year» var den første songen av dei eg høyrte, og eg elska den med ein gong. Det var absolutt ikkje eit av dei tilfella der du må høyre songen fleire gongar for å like han.

For meg er berre heile songen eit meisterverk; frå gitaren til Vincent heilt åleine i byrjinga og slutten til den råe stemma til Mark Slaughter. Likevel var det teksten som fekk meg til å verkeleg elske låta. Eg hadde problem med å la noko gå, og å berre gløyme det og leggje det bak meg, men denne teksten fekk meg til å innsjå at eg måtte vere sterk. Ja, det høyrest skummelt mykje ut som ein klisje, men heile songen hadde berre ein sånn måte å slå gjennom på.

Refrenget, «Oh it’s my challenge, it’s my right/And my will’s too strong to fight/I don’t want to say goodbye, ’cause I love you» er om kjærleik, men meininga til ein song vil alltid endre seg etter kven du spør. Artisten har si eiga, men mange musikarar vil at fansen skal tenkje seg til det sjølv, og det er verkeleg det som gjer det magisk. Ein song kan bety noko heilt anna for meg enn for deg, men han kan ha like stor betydning for oss begge.

Songar som du kan sette på repeat til du sovnar er songar eg vil ta med meg vidare. Eg vil aldri bli lei av denne songen fordi han framleis har ein plass i livet mitt.

Eg vil anbefale deg og høyre han og, og kanskje du lagar di eiga meining.
Anette Fadnes Marcussen har eit anna musikktips òg: – Høyr på Megadeth!