Nordmenn mest bekymra for cyber- og terrorangrep

Vi er mest bekymra for cyber- og terrorangrep, viser ei undersøking frå DSB. Men andre potensielle kriser er meir sannsynlege, ifølgje direktoratet.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag kveld presenterte Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) si befolkningsundersøking, melder NRK. DSB-direktør Cecilie Daae seier det ikkje er samsvar mellom det styresmaktene er mest oppmerksame på og det befolkninga er mest redd for.

– At folk er redde for cyber og terror, heng nok saman med hendingane som har vore og eksponeringa der ute. Men både klima, straumutfall og storulykker er ting DSB tenkjer at er meir sannsynleg og som har store konsekvensar. Den type ting er befolkninga lite bekymra for.

Over halvparten er for dårleg førebudde

DSB meiner befolkninga bør legge førehandsplanar dersom ei krise skulle oppstå. I undersøkinga fastslår dei at over halvparten er for dårleg førebudde på dette.

– Vi ser at ganske mange har for eksempel lys og fyrstikker, men så blir det dårlegare jo meir komplisert beredskapen skal vere, seier Daae.

Nokre råd til nettbruk

Også på nett kan nokre forholdsreglar vere til stor hjelp, som å bruke innloggingar kalla to-faktor. Det inneber at ein i tillegg til vanleg brukarnamn og passord også må taste inn ein kode som du får på mobilen, seier direktør for internett og nye medium i IKT-Norge Torgeir Waterhouse.

Kapring, flaum, fjellskred, utsleppsulykker og atomulykker som fører til radioaktivt nedfall er dei neste farane på bekymringslista. Vi er minst bekymra for pandemi, krigshandlingar på norsk jord og forsyningskrise. (©NPK)