Fire forfattardebutantar med tre romanar og ei diktsamling skal kappast om den gjeve Tarjei Vesaas' Debutantpris. Tre av dei kjem frå same forlag.
NPK-NTB
NPK-NTB

Alle fire slapp sine første bøker ut til lesarane i fjor. Prisvinnaren blir offentleggjort 11. mars.

Runa Fjellanger (f. 1992) skriv om to jenter på biltur gjennom Europa i romanen «På motorveiene», noko som Den norske Forfatterforenings litterære råd meiner resulterte i «en sikker og helskaplig komponert roman».

Rita Paramalingam (f. 1993) har med sin «La meg bli med deg» skapt «en fortelling man ikke så lett glemmer», heiter det frå rådet – som meiner debutanten skriv enkelt om komplekse psykologiske mekanismar, i ei skildring av søskenkjærleik som gjer sterkt inntrykk.

Bendik Vada (f. 1996) vart valt ut for si diktsamling «Vak», der krafta i dikta «oppleves uløselig knyttet til trønderdialekten, som er det språket jegets landskap trer fram i», heiter det frå Forfatterforeningens råd. Som meiner dette er «en original debut, men også klassisk».

Zeshan Shakar (f. 1982) leverte med romanen «Tante Ulrikkes vei» ei «oppvekstskildring vi ikke helt har sett før», der han fortel om to unge menns tilbakeblikk på oppveksten i drabantbyen Stovner.

Mens Shakar kjem ut på Gyldendal, er dei i andre tre alle i stallen til forlaget Oktober. Det seier forlagssjef Ingeri Engelstad er «utruleg stas», og føler det som ei stadfesting på den sterke posisjonen til forlaget i det norske, litterære landskapet.

– Vi er gode på å rekruttere debutantar, og kanskje mange ønsker å debutere her? Vi satsar nesten berre på skjønnlitteratur, og det gjer noko med tankegangen, seier Engelstad til NTB. (©NPK)

Oppdatert: fredag 9. februar 2018 13.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE