Bitcoin populært på Vestlandet
Nesten 200.000 nordmenn eig bitcoin eller annan kryptovaluta, ifølgje ei ny spørjeundersøking. Vestlendingar skil seg ut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Til samanlikning eigde rundt 365.000 nordmenn aksjar på Oslo Børs ved utgangen av fjoråret.
Bitcoin-undersøkinga er utført av Norstat på oppdrag for konsulentselskapet Menon Economics. Den viser at rundt 5 prosent av befolkninga over 18 år eig kryptovaluta, og at menn er sterkt overrepresentert.
Populært på Vestlandet
9 prosent av dei spurde mennene oppgir at dei eig kryptovaluta, mens berre 2 prosent av kvinnene gjer det same.
– Geografisk skil Vestlandet seg ut med ein signifikant høgare del kryptovalutaeigarar enn dei andre landsdelane. Undersøkinga viser at så mange som 10 prosent av vestlendingane eig kryptovaluta. For resten av landet ligg delen rundt 4 prosent, opplyser Menon.
Bitcoin og andre kryptovalutaer har fått mykje merksemd i det siste, først som følgje av ein kraftig verdiauke, og deretter eit kraftig fall i prisane.
LES OGSÅ: Korleis funkar Bitcoin?
Flest unge
Dei aller fleste nordmennene som har kjøpt kryptovaluta, opplyser at føremålet er investering. 16 prosent av eigarane opplyser at dei har brukt dei digitale valutaene til andre føremål enn berre investeringar, for eksempel til betaling eller pengeoverføring.
– Fordelt på alder er det ei overvekt av unge personar som eig kryptovaluta. I gruppa 18 til 29 år oppgir 12 prosent at dei eig kryptovaluta, mens det for gruppene 30-39, 40–49 og 50+ er høvesvis 8 prosent, 3 prosent og 2 prosent, opplyser Menon.
Ifølgje konsulentselskapet er denne undersøkinga den første der ein kartlegg kven som eig og brukar kryptovaluta i Noreg. Til saman er eit landsdekkjande utval av 1.010 personar spurt. Det blir understreka at tala byggjer på eigenrapportering og at folk både kan overrapporterte og underrapportere eigarskap og bruk. (©NPK)
LES OGSÅ: Kokar Bitcoin kloden?