Stadig fleire ser på TV mens dei køyrer bil

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er menn over 45 år som gjer dette. Dei sit i bilen og ser både skiskyting og fotballkampar på laptopar eller mobiltelefonar, seier distriktsleiar Øystein O. Krogstad i Utrykkingspolitiet Sør til NRK.

Dei siste to åra har UP i region Sør stoppa eit titals bilistar der føraren har sett på mobil eller laptop mens han eller ho køyrer bil.

– Vi får også ein del signal frå yngre menneske som fortel om foreldra sine. På vidaregåande skular er det stadig unge som fortel om foreldre som ser på TV mens dei køyrer. Eg meiner dette er ein ny og negativ trend, seier Krogstad.

Han likar ikkje forklaringa til førarane som blir tekne på fersken.

– Dei meiner at dette er heilt trygt. Dei følgjer like godt med på vegen som dei følgjer med på skjermen. Men det går ikkje an, så dette må gå gale, seier distriktsleiaren.

Mens det har blitt færre ulykker med yngre sjåførar, er det ein auke i talet på ulykker der menn i alderen 45 til 64 år er involvert.

– Det har auka med nesten 10 prosent på 10 år, og det er ikkje tilfeldig, seier Krogstad.

Men han legg til at mobilbruken åleine ikkje er årsaka til denne utviklinga.

– Det er fleire faktorar som spelar inn. Mange i denne aldersgruppa har god råd og bryr seg ikkje all verda om bøter. Dei køyrer dyre og sikre bilar. Og så er det dette med mobilbruk som sjølvsagt er distraherande, seier Øystein O. Krogstad.