Bondestudentar – Ny


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg vil leggje vekt på dette; å byte font ein gong i blant. Det er fyrst no eg ser at eg har bytt font reint for sjeldan. I Word har eg slite med trauste Times, i textedit har eg vore trufast mot Helvetica. Fordelen med Helvetica er at den alltid ser bra ut, du skjønnar aldri heilt kva som eigentleg skil han frå Arial, berre at han er kulare. Men ein opplever sjeldan noko spennande i sjølve fonten, spenningi må ein laga sjølv. Greitt nok, men viss inspirasjonen manglar, kan dét vera utfordrande.

I slike høve er det greitt å byte font. Få nokre nye impulsar bortover linene, sjå kor rare hermeteikni og semikoloni blir i ny drakt. Det er så lite som skal til, og plutseleg er teksten ein heilt annan.

Eg kjøpte meg ny trådsnelle òg denne veka. Før har eg berre bøtt brøkene mine med slike dårlege hotellsysett, men no var det nok, tenkte eg, no skulle eg sørenmeg få kjøpt noko ordentleg tråd. Så eg for på Oslo Sy- og Strikkesenter på Olaf Ryes Plass og bad om å få ei snelle med den sterkaste sytråden ho hadde, marineblå eller svart. Ho hadde ikkje svart, men marineblå var greitt. Og så tolv nåler, i ulike storleikar. Det var ikkje måte på.

No bøter eg alt eg kjem over, med nyvunnen energi. Inkje hol er for lite, ingi rift for stor. Den triple, fletta tråden smyg seg elegant gjennom stoffet når eg stikk det med koparkantnåli. Eg festar tråden på innsida og bit av, ser på dei utrena stingi på framsida. Dei er ikkje så fine, men syner ikkje på avstand. Og dei held, dét veit eg, tråden er ny, trippelfletta marineblå.

Det fine med å byte font, forøvrig, er at det treng ikkje å påverke nokon annan enn deg sjølv. Ein skribent får aldri bestemme noko om fonten, teksten blir alltid tilpassa ein eller annan publikasjonsstandard me ikkje rår over, så også med denne teksten. Og det er eg glad for.

Då er det nemleg berre eg som ser at eg har bytt font. Det er berre meg det går utover. Om fonten eg valde var fæl; Joker eller Monotype Corsiva, så ville teksten likevel sjå seriøs og ordentleg ut til slutt. Ingen publiserer ein tekst i Monotype Corsiva. Men ein skal ikkje undervurdere verknaden det likevel kan ha å byte til han for seg sjølv ein gong i blant.

(Til mitt forsvar vil eg seia at det er minst sju år sidan sist eg skreiv ein tekst i Monotype Corsiva. Eg trur det var menyen til pizzarestauranten syskenbarnet mitt og eg opna ein sommardag i leikarstova heime. Det er på sida av poenget. Poenget er berre å byte font ein gong i blant.)

Neste veke skal eg kjøpe meg ei ny trippelfletta trådsnelle, men kvit. Det blir ei god veke.