Å øydeleggje eit menneske


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

”Ordføreren var som en far for henne”, ”Mer enn ti overgrep” og ”Fant bilder og sms hos den sex-siktede ordføreren”. Ein må ha vore isolert frå alle medium dei siste vekene for å ikkje ha fått med seg overgrepssaka mot sitjande ordførar i Vågå, Rune Øygard, der han har blitt sikta for å ha hatt seksuell omgang med ei mindreårig jente frå 2009, fram til nå nyleg. Media har sjølvsagt lagt mykje arbeid i å halde oss, lesarane, oppdaterte på alt som skjer i saka, noko som er både rett og rimeleg. Eg lærte nemleg i samfunnsfagklassen min for nokre år tilbake at media er samfunnet si vaktbikkje. Likevel sit eg ofte igjen med den rotne følelsen av at media byrjar å likne meir og meir på ein jakthund.

”Anmeldt dagen etter middag med Stoltenberg og Brimi”. Media har sett Øygard i gapestokken for alle forbipasserande til å hive eple, rotne egg og vonde ord i hans retning. Kvifor er det slik at me plukkar opp avisene med dei største skandalane på framsida? Kvifor er det slik at avisene hiv seg på saker der dei kan dra folk ned, i staden for å fokusere på å støtte menneske som er på veg opp? Elskar me verkeleg det å sitje heime i godstolen å sjå på at folk går til grunne så mykje? Gir det deg ein god følelse når du kan tenkje at ”du er nå i alle fall betre enn overgriparen Øygard”? Kontaktnettet, tiltrua og respekten Øygard har hatt tidlegare vil aldri bli den same igjen. Stoltenberg som ein gong trakk Øygard fram som eit politisk førebilde, vil truleg vera meir beskjeden i uttalene sine rundt Vågå-ordføraren i dag. For ein offentleg person som Øygard vil aldri ei eventuell frikjenning fjerna alle assosiasjonane folk har skapt til han når han har blitt dømd av pressa lenge før han ein gong kom seg inn i rettssalen.

”Viss Rune er skyldig, blir jeg første astronaut til Pluto”. Av alle sakene eg har lese om Rune Øygard er det radiointervjuet der kjendisfotograf Morten Krogvoll  tek Øygard i forsvar som har skapt mest blest. Dette er ein av dei få sakene som hevdar at Øygard er uskuldig, i eit hav av saker som indirekte antyder at han er skuldig. Eg meiner ikkje at det eine eller det andre er gale – Øygard har nemleg korkje blitt dømd eller frifunnen. Likevel synest eg at det er media sitt ansvar å skape ei balansert framstilling av ei sak, der ein får med alle innfallsvinklar. Er det rett at Krogvoll måtte gå ut å unnskulda seg? Skal media ha lov til å sitje å bestemme korleis me skal sjå på ei sak, medan enkeltpersonar blir bannlyste for å koma med si ærlege meining? Er det difor me har kjempa for ytringsfridommen vår gjennom fleire hundre år?

”15-åringen støtt av ordfører sympati”. Eg vil ha det på det reine at eg på ingen måte sympatiserer med ordføraren dersom han blir funnen skuldig, men eg sympatiserer heller ikkje med jenta. Ikkje ennå. Ingen veit kva som har skjedd bak kulissane, ingen veit kva som skjedde mellom ordføraren og jenta, ingen veit kva dei to har gått gjennom bortsett frå dei sjølve. Då er det ikkje opp til oss å prøve å forstå. Då er det ikkje opp til media å setje historiene deira opp i mot kvarandre for å finne ut kven som vil få mest sympati av lesarane for så å skrive ei sak som byggjer på dette. Når journalistar startar å leike juristar, når det norske folk startar å leike dommarar og når ordførarar blir sette til å leike nasjonal narr gir det meg ein vond smak i munnen.

”Overgrepssikta ordførar sov på samme rom som 16-åring”. Dersom ytringsfridommen er så viktig for media bør dei ta denne retten seriøst nok til å la lesarane sjølve få danne sine eigne meiningar. Det handlar ikkje lenger om retten til å ytre seg når ein snakkar om den ”sex-sikta ordføraren” lenge før han i det heile tatt har blitt dømd, då handlar det om menneske som sit og skriv saker for å tene mest mogleg pengar for ein kvar pris. Eg synest media sviktar lesaren dersom dei skaper overskrifter som ikkje er basert på verkelegheita, berre for å levere ei god historie. Eg synest me må respektera alle personar nok til å sjå dei i eit rettferdig lys. Eg synest at me må vera medmenneskelege nok til å tenkje på alle personane i Rune Øygard sitt liv som også lid under denne mediestormen. Kone, foreldre, vener og slektningar som ikkje har noko med saka å gjere, men som likevel vil bli dratt med ned i VG og Dagbladet sitt dragsug som kjem ut i A3-format kvar einaste dag. Eg synest me må vera vaksne nok til å ikkje snakke stygt om ein person som aldri vil kunne riste av seg overskrifter som kom ut i pressa i oktober 2011, når han skal prøve å leve vidare etter dette.