Valvake


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

og reknar ein med alle perifere stortingspersonar, lokalpolitisk engasjerte og i tillegg den typen som kommenterer på dialekt og med elleve ropeteikn på nettavisene, er nok ikkje dette så langt frå sanninga.

Men framleis er vel den såkalla jamne mann, eller mannen i gata, så vidt i fleirtal i dette landet. Det kan altså høve å gje eit realistisk innblikk i den typiske valdagen til eit ganske gjennomsnittleg ungt menneske i ein svært gjennomsnittleg norsk by.

Fyrst gjekk eg og stemte. Dette var fort unnagjort og i grunnen mindre viktig, så la meg berre seia at eg definitivt stemte på det rette partiet. Då meiner eg ikkje naudsynlegvis det politisk korrekte partiet, men eg kryssa av på det eg hadde planlagd.

Godt gjort i seg sjølv, eg las nemleg om ein av hovudstadens blondinebloggarar på Internett: Ho meinte å røyste Frp, tok jamvel bilete av valsetelen med det påførde krysset for å leggje ut på bloggen sin, men oppdaga i ettertid at ho i ørska hadde kryssa av for KrF i staden.

Vel, kva rolle spelar ei stemme frå eller til. Mi eiga var jo på sett og vis bortkasta, eg kunne spara meg dei minutta utan at det i nemneverdig grad ville påverka valet. Men sidan det likevel låg på vegen …

Så la eg politikken relativt daud til langt utpå kvelden, då ein haug av mine verste vener inviterte meg med på såkalla valvake. Det imponerte meg at dei faktisk hadde oppfatta at det var val, men utover dette kunne eg vanskeleg førestille meg at den påståtte valvaka var anna enn ein reint filantropisk happening.

I utgangspunktet skulle vi på det tradisjonsrike Studentersamfundet, men det beste utsynet ein kunne få til TV-skjermen der, var gjennom vindaugo frå utsida. Det var tjåkfullt.

Fylgjeleg gjekk vi i staden til ein av dei meir suspekte bulene i nærleiken, som faktisk også hadde storskjermen innstilt på NRK og valnatta.Jamvel dei gamle alkoholikarane og dartspelarane, alskens hippies og lause fuglar, sat med hovuda i bardisken og fylgde med på valet. Det minna mest av alt om ein folkefest.

Midt mellom alle desse fann eg tilfeldigvis Roger, ein barndomskompis. Han var det lenge sidan sist eg prata med, så eg spurde pliktskuldigast kva han dreiv med for tida: “Eg er sjølvstendig næringsdrivande,” sa han.

“Jaså,” spurde eg, “kva bransje?” “Marihuana,” svara Roger. Det same stoffet var han openbert influert av der og då. “Nettopp,” nikka eg høfleg, “ikkje dumt, ikkje dumt. Og i kveld er det valvake?”  “Ikkje just,” sa han ærleg, “eg berre kom hit for å ta ein øl. Eg har ikkje stemt eingong.”

“Verkeleg ikkje?” spurde eg, utan at eg eigentleg var overraska. “Nei,” sa han, “før om åra røysta eg Ap eller blankt. Førre gongen vart det Miljøpartiet De grønne, sidan dei vil legalisere marihuana. Men no vil eg ikkje kjempe for den saka heller, ettersom ei eventuell legalisering trugar med å rive vekk heile livsgrunnlaget mitt. Så då vart det ingenting. Det er i grunnen det same for meg kven som vinn.” “Akkurat,” svara eg, “eg forstår …”

Samtala vår vart deretter avbrote av ein skrulling som ville tvinge fram litt stemning i folkeskaren. “Gje meg ein A!” sa han. Vi svara: “A!” “Gje meg ein P!” Motvillig svara vi: “P.” “Kva blir dét?” “Ap,” mumla allmugen.

Gauderen heldt fram: “Gje meg ein F!” Men ein eller annan responderte: “Det får du pinadøy ikkje!” Dette var noko alle lo av og deretter skåla for. Berre Roger såg ikkje ut som han visste heilt kva som føregjekk.

Meir rakk eg eigentleg ikkje å oppleva på valvaka før det var klårt at dei raudgrøne hadde vunne. Spenninga, i den grad det hadde vore serleg spanande, var gått meg hus forbi.

Derimot var det enno tid til å kjøpe ein sjette øl, og om naudsynt ta ein rast i grøftekanten på vegen heim. Moralen: Så lenge det finst alkohol og narkotika, Internett, TV, nydelege damer og så vidare, vil det politiske engasjementet i eit samfunn jamt over vera halvhjarta.

Ein kan ikkje hindre folk i å la seg distrahere. Det er ingenting å gjera med det, det er berre eit faktum. Tenk på dette nesten du gongen du kritiserer ein medborgar for ikkje å bruke røysteretten sin.