Byen E Bergen!

Guro Kristine Haug
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det var først og fremst studiet i rettsvitskap som var forlokkande. Men eg skal ærleg innrømme at eg er blitt eit offer for den heftige Bergens-propagandaen. Studiebrosjyrar på glansa papir med vakre naturbilete og uhemma sjølvskryt av byen Bergen kan lett forføre ein usikker nittenåring. Men ikkje misforstå, eg føler meg ikkje lurt!

Bergen er verkeleg ein vakker by. Omkransa av fjell og skogar, med Torgallmennningen (gløym for all del ikkje den blå steinen!) og Bryggen som naturleg møtepunkt, kan eg godt forstå at turistane lèt seg fascinere. Bergen kan dessutan skryte på seg å vere ein av dei mest regnfulle byane i Noreg. Så langt kan bergensstudia mine avkrefte at det berre er ein myte. Eg blei møtt med regn då eg kom hit, og i skrivande stund pøser det ned utanfor vindauget.

Bergensarane veit likevel å kle seg etter veret. Det verkar som alle bergensarar alltid har ein paraply med seg, for begynner det å regne, er snart heile Torgallmennningen fylt med paraplyar. Er ein uheldig og har gløymt paraplyen, er det lett å få tak i ein ny. Ein korg med paraplyar er ofte strategisk plassert ved inngangen  i mange butikkar. Paraply – salet går nok strålande i denne byen året rundt.

Mens mennene går med store regnjakker, går damene her ofte med høye regnstøvlar, helst med eit eller anna merke.  Eg har aldri likt støvlar, eg har alltid synest at dei er store og tunge og ikkje særleg fine. Då eg kom til Bergen, oppdaga eg at det faktisk finst mange fine støvlar, i mange fargar og fasonger. Eg skal kjøpe meg eit par med støvlar, etter veret å dømme vil det vere ei god investering! Til Bergens forsvar kan ein vel seie at det finst flust av andre stadar i Noreg der det òg regnar ein god del.

Ein annan myte som lever i beste velgåande seier at bergensarane pratar mykje. Eg er ikkje sikker på om det er verken sant eller usant. Kan hende har eg ikkje møtt nok bergensarar til å kunne uttale meg om saka. Men eg er heilt sikker på at bergensarane er hyggelege folk! Dei hjelper gjerne med å forklare vegen, og eg har så langt ikkje møtt nokre uhøflege menneske i denne byen.

Eg har tidlegare hinta til at bergensarane skryt. Eg trur heller ikkje det berre er ein myte. Universitetet i Bergen er til dømes ekspert i å fortelje om alt det flotte Bergen har å tilby: vakker natur, ei mengde kulturtilbod, eit utprega godt studentmiljø med meir. Brann- supporterane viser seg gledeleg fram med røde fotballskjorter og Brann-skjerf.

Bussjåførane i Bergen set òg stor pris på byen sin. Dei har mikrofon i bussen, og er det nokre utanbys frå som ikkje veit kor dei skal av, seier sjåføren alltid ifrå gjennom høgtalaranlegget. Med stoltheit i stemma proklamerer sjåføren at no er me ved Odontologen, Statsarkivet, Haukeland. Og tek ein bussen seint ein fredagskveld, ønskjer sjåføren deg ein fin kveld og ei god helg. Kollektivtransport er ikkje berre miljøvennlig, men kan òg få ein i  godt humør!

Eg har ikkje vore her så lenge, og kan derfor berre uttale meg på eit veldig tynt grunnlag. Men så langt vil eg absolutt seie at Bergen har mykje å by på. Dei siste vekene har eg gått mykje rundt i byen for å bli kjend, og eg er imponert. Favoritten min så langt er Lille Lungegårdsvann, ein grøn lunge midt i byen.

Bergen har mykje flott, noko som blir stadfesta av den store mengda turistar som vandrar rundt i byen med kamera rundt halsen. Japanarar, tyskarar og engelskmenn er ute både tidleg og seint med kamera og knipsar feriebilete med stor intensitet. Andre norske byar har sjølvsagt òg mykje å vise fram, og Bergen er neppe den einaste byen i Noreg som er verdt eit besøk for utanlandsturistane.

Eg synest likevel det er heilt greitt at bergensarane skryt av byen sin. Det er lov å vere stolt over byen ein bur i! Eg har i grunnen lite vondt å seie om Bergen. Veret er kan hende ikkje det beste, men med ein paraply, regnjakke og eit par gode støvlar er ikkje dårleg ver eit problem. Konklusjonen min er følgjande: Byen E Bergen!