Tonane som bar over havet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag 11. februar er det premiere på framsyninga Migrasong – tonane dei bar med seg over havet på Vestnorsk utvandringssenter i Hordaland. Det er folkemusikaren Reidun Horvei som står bak framsyninga saman med musikaren Øyvind Lyslo og Per Inge Hove.

Framsyninga er bygd rundt ei fiktiv historie om 16 år gamle Olina. På slutten av 1800-talet tek ho farvel med heimbygda Seljestad og legg ut på den lange reisa mot det lova landet. Først med hest og kjerre til Odda, deretter med dampbåt til Bergen. I Bergen går ferda vidare med englandsbåten til Hull og derifrå vidare med tog i til Liverpool. Der ventar det store amerikaskipet som tek opp emigrantar frå heile Europa.

Drama i tekst og tonar

– Saman med 1.300 passasjerar reiser Olina til Amerika og New York, fortel Horvei som har laga historia.

På reisa over Atlanteren som varer i fjorten dagar, møter Olina 17 år gamle Annanias.

– Gjennom desse to utspelar det seg mange songar som fortel om reisa og møtet med Amerika, fortel Horvei.

Vi får også innsikt i dei fattige kåra dei kom frå, forventningane til det nye landet og saknet av heimlandet.

Lita vekt – stor verdi

Musikken i framsyninga byggjer på folketonar og songar som utvandrarane tok med seg frå heimlandet og nye songar som oppstod der dei busette seg i Amerika.

– Eg håpar framsyninga kan skapa større forståing både for nordmenn som utvandra til Amerika og for innvandrarar i Noreg, seier folkemusikaren Reidun Horvei. Ho har har laga ei musikalsk forteljing om utvandringa til Amerika.
Foto: Mikolaj Mikolajczyk

Reidun Horvei seier denne arven har hatt svært mykje å seia for dei norske utvandrarane. Ho fortel at amerikabagasjen ikkje kunne vera tyngre enn 75 kilo, men at den musikalske bagasjen ikkje vog nokon ting. For mange var det likevel det kjæraste dei hadde.

– Det er så mange kjensler me ikkje kan fortelja, men me kan syngja dei. Songen er ei veldig stor kraft, slår ho fast.

Horvei peikar dessutan på at songen var allemannseige og hadde mange funksjonar både for å skapa samhald og trøyst, og for å ta vare på språket.

– Prærien var enorm, og det var viktig å ha møtepunkt der ein kunne treffast. Om søndagane samlast dei og kappsong alt av norske songar, og i kyrkja var det norske religiøse folketonar og andre salmar, fortel ho.

I tillegg til den musikalske forteljinga, inneheld framsyninga også eit biletspel med mange historiske bilete frå utvandringa til Amerika.

Vil skapa større forståing

Reidun Horvei håpar framsyninga kan vera med å gje folk større forståing for nordmenn som emigrerte til Amerika.

– Eg håpar folk får ei kjensle av korleis det var å ta farvel og aldri koma tilbake. Dei som lever i dag har ikkje peiling på korleis folk hadde det på den tida og kor tøft det var å bryta opp, meiner ho.

Etter å ha fordjupa seg i utvandringa til Amerika i fleire år har ho fått innblikk i mange lagnader.

– Det er så mange rare historier, og så mange tragiske historier, seier ho.

Men først og fremst synest ho det har vore eit veldig spennande tema å arbeida med.

Like aktuelt i dag

Sjølv om framsyninga først og fremst er ei forteljing om norsk utvandring til Amerika, håpar Reidun Horvei også at framsyninga kan skapa større forståing for innvandrarar i Noreg.

For å gjera framsyninga meir dagsaktuell, har ho difor oppsøkt norske innvandrarar og lært seg ein somalisk song som ho byrjar og avsluttar framsyninga med.

I forteljinga er det også lagt inn ein telefonsamtale med ein arabisk gut som ringjer heim til mor si og fortel at han framleis hugsar songane hennar og finn trøyst i dei.

– Det er veldig sterkt?

– Ja, det er veldig sterkt. Kjenslene mange innvandrarar har, er på mange måtar dei same som norske utvandrarar hadde. Me må rett og slett ta vare på kvarandre, seier Reidun Horvei.

Også fylkesmusikar i Sogn og Fjordane Øyvind Lyslo er med på den musikalske framsyninga om utvandringa til Amerika.
Foto: Vegard Finland

– Stor interesse

Etter premieren 11. februar skal ho og dei to musikarane hennar på turne med framsyninga i Hordaland. Horvei håpar også at framsyninga kan visast utanfor fylkesgrensene, til dømes i Sogn og Fjordane, heimfylket til gitaristen Øyvind Lyslo.

– Det er svært stor interesse for dette temaet mange stader, og det å leita etter røtene sine ser ut til å vera i tida, seier ho.

I mai skal framsyninga dessutan visast i Seattle i USA. Der skal det då opnast eit nytt nordisk utvandrarmuseum.

Her skal framsyninga på turne:

11. februar: Premiere Vestnorsk utvandringssenter på Radøy
13. februar: Voss kulturhus
14. februar: Haugesenteret i Ulvik
15. februar: Åkra skule, Åkra
16. februar: Meieriet kulturhus i Odda
20. februar: Hardanger folkemuseum på Utne
22. februar: Lofthus i Ullensvang
25. februar: Trudvang i Granvin
27. februar: Kabusu i Øystese