Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Øystein Runde

Sjølvportrett av Øystein Runde.

Eigentleg er det underleg at ingen har tenkt på det før: Å bruke vikingtida som utgangspunkt for teikneseriar. Men det er det han gjer, Øystein Runde, i Soga om Olav Sleggja.

Bokomslag

Soga om Olav Sleggja Øystein Runde Det Norske Samlaget 2009

Og sjeldan har Olav Tryggvason, som vi kjenner som Olav den Heilage, vore framstilt som så brutal. Runde har rett og slett skapt ein splatter av ein teikneserieroman frå viktingtida.

Olav Sleggja er son av ein trell. I eit slagsmål har Olav Tryggvason redda livet hans, og sidan har Sleggja arbeidd som «kongens knyttneve». Men han vil gjerne bli ein fri mann, og tek imot eit siste oppdrag frå Tryggvason: Han skal drepe kongen sin halvbror, uovervinnelege Råg Gunnlaugsson, og heile hans ætt for å hemne at Råg ikkje vil la seg døype.

Men Råg har gøymd seg godt, og Olav Tryggvason reknar med at Sleggja vil døy før han finn broren. Der tek han feil. Etter å blant anna ha vedda seg ut av ei avretting, slakta ned ein god gjeng med motstandarar og snakka seg ned frå eit tau over ei gryte med kokande feitt, overtaler han Råg Gunnlaugsson til å seie ja til bli drepen for at babyen Olve, Råg sin yngste son, skal overleve.

Men når kongen oppdagar at Sleggja har teke Olve til seg som sin eigen son, og veit at Olve når han blir eldre vil kome etter den som beordra drapet på faren, er det ikkje fullt så enkelt å leve som fri mann lenger for Olav Sleggja.

Øystein Runde teiknar og skildrar Olav Sleggja nærmast som ein romersk gladiator, ein mann utan ansiktstrekk som avslører kjenslene, som slår for ikkje sjølv å bli slått og som glatt ryddar fire menn av vegen, sjølv om armane hans er bundne til overkroppen med smidd jern, og munnen og føtene er hans einaste våpen mot motstandarane sine økser.

Ikkje slik å forstå at han snakkar seg ut av situasjonen: Nei, han flerrar av kjøtt, hud og sener med tennene så blodspruten står, og et seg innover armen til ein daud mann for å kome seg opp frå eit stup.

Eg trur det er lurt av Runde å ikkje gje ut teikneserieromanen i fargar. Nokre av scenene i boka opplevast som kvalmande nok utan raud blodsprut, sjølv om Runde med sin grove strek meir antyder enn utpenslar valden.

Olav Sleggja er ein oppdikta person, men Runde har plassert handlinga i boka til åra 999 og 1000. Olav Tryggvason døydde under Slaget ved Svolder i år 1000, ifølgje soga etter å ha hoppa over bord frå sin eigen båt.

Forfattaren brukar dei historiske hendingane som rammer for si historie, men let Olav Sleggja tre inn som ein avgjerande historisk person. Vi følgjer kampen mellom dei to over til Island, og vi blir introdusert til ei lang rekke av vikingane sine meir og mindre groteske og brutale tradisjonar.

Framme i boka har Runde for sikkerheits skuld utstyrt lesaren med ei oppklarande ordliste, som gir ein viss peikepinn på kvar historia vil ta oss. Her er ikkje berre ord som «fredlaus», «nid» og «age» forklart, men og også «grid», som Runde omset som «nåde».

Han legg til: «Fram til kristendomen kom, var tanken om nåde og forsoning på det næraste rekna som sosialt sjølvmord. Å nekte å drepe fiendar av slekta var skam».

Den store styrken ved boka er at Runde klarer skildre det absurde i vikinghistoria, og gjer den til bakgrunn for ei rad morosame og brutale situasjonar, samtidig som han tek den på blodig alvor.

At ein konge har kristna landet vi bur i ved hjelp av tvang og tortur, og seinare blitt feira som helgen, skin igjennom som eit viktig poeng. Forfattaren er ikkje redd for å stille helten sin i eit dårleg lys, og framstiller han ordknapt og tidvis svært morosamt.

Det er lett å lese Olav Sleggja som eit vikingtilsvar til dagens filmheltar frå actionsjangeren, ein mann utan den heilt store djupna som er flink til å slåss. Vikingkulturen der vald, blodhemn og holmgang er ingrediensar gjer forfattaren ingen forsøk på å forskjønne.

Men om han derimot har ein hang til å romantisere det brutale er eit anna spørsmål. Det er mykje blod, gørr og drap, og sjølv om valden vert gjort til eit stort poeng i boka, spør eg meg sjølv om den ikkje vert litt umotivert enkelte stadar. Og umotivert vald i teikneserieformat slit med å halde på lesaren si interesse.

Hadde Runde utfalda seg på meir enn dei nærmare 150 sidene han har tilgjengeleg, kunne dette blitt både kjedeleg og repeterande, ikkje minst fordi Sleggja sjølv vert teikna som ein temmeleg avgrensa person. Men Runde veit når det er tid for å sette punktum, og klarer å underhalde til siste slutt. Så vidt.