Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ny og ne les ein forfattarar som gjer at ein sit igjen med ei spesiell blanding av kjensler. For det første beundring over skrivekunsten hennar eller hans. For det andre ei misunning: Akkurat SLIK er det jo eg også vil skriva! Anders Lunde er ein slik forfattar. Han har ein særeigen stil og forteljemåte som er både original og overraskande. Novellesamlinga ”Noen iblant oss” er ei kort lita bok, men som likevel har mykje å gi lesaren.Novellene står i mange tilfelle fram som noko underlege, bisarre og skrudde, og undringa er med på å skapa ei spesiell litterær oppleving. Det framandarta i handlingane bringer etter kvart fram kjente og vesentlege erfaringar og problemstillingar, og utviklinga frå det merkelege til det gjenkjennbare får den djupare meininga i endå større grad fram. Det høyrest kanskje tungt og skuleaktig ut, men slapp av, det er veldig fint.

Ein kan få litt Ingvar Ambjørnsen-assosiasjonar til tider, og det blir jo fort eit kvalitetsteikn. På overflata møter me vanlege personar i kvardagslege situasjonar, men ein aner lett at her finst mykje som slett ikkje er heilt A 4. Opningsnovella ”Gi oss i dag” slår i så måte an tonen for heile samlinga. ”Hver morgen tar jeg på meg tøflene og slåbroken og går ut på trammen for å mate den,” heiter det i første setning. Kven er ”den?” Me får ingen klare svar. Men leitinga etter svara er svært fascinerande.

Aller sterkast er kanskje likevel ”Når du våkner” og ”Slipp meg inn.” I begge høva klarer ei kort enkelthandling over nokre få sider å formidla hovudpersonane si fortviling, nærast desperasjon, på ein særs gripande måte. Lunde har ei eiga evne til å finna og sjå situasjonar som i utgangspunktet ikkje er så oppsiktsvekkande, men som blir det gjennom måten dei blir skildra. Den knappe stilen gjer at mykje nødvendigvis blir usagt, noko som også gir novellene ei ekstra kraft. ”Slipp meg inn” klarer å gi oss spor av ein heil menneskelagnad gjennom den korte, men dramatiske scenen som utspeler seg. ”Jeg som må leve” er eit anna høgdepunkt. Den gir ordet ”trekantdrama” ei heilt ny tyding.

”Finurleg” er eit ord som passar godt på Lunde. Han klarer å vri perspektivet og innfallsvinkelen i måten å fortelja på. Ikkje alltid så mykje, og slett ikkje for mykje, men nok til at me lesarar også må vri litt på oss. Det kjennest godt.

Anders Lunde er debutant, og det merker ein, men bare i positiv forstand. Novellesamlinga hans har noko friskt, frekt og up and coming up-aktig over seg. Det merkast også at denne debutanten ikkje er nokon tenåring (han er født i 1976) – tekstane er prega av mykje klok tenking og livsvisdom. Ein får inderleg håpa at denne mannen skriv fleire bøker.