Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

annebragde

Foto: Lasse Berre

Velkjende Anne B. Ragde er no ute med ein ny roman, med tittelen Nattønsket. Etter suksessen med Neshov-trilogien er naturleg nok forventningane store til denne nye historia frå Ragde.

 

 

Nattønsket handlar om Ingunn, som nærmar seg førti, arbeider som musikkjournalist i Adresseavisen og som er lidenskapeleg oppteken av menn. Det lengste forholdet hennar varte elleve månadar, og etter regelen var det naturlegvis ho som gjorde det slutt. Mens dei kvinnelege kollegaene på jobben leitar etter tryggleik og omsorg frå det andre kjønn, er Ingunn tilsynelatande berre oppteken av det fysiske ved eit forhold.

 

Nattønsket

Nattønsket Av Anne B. Ragde Forlaget Oktober, 2009

Ragde seier sjølv at det er blitt meir stuereint å skrive om seksualitet i litteraturen. Nattønsket skildrar direkte og inngåande seksuallivet til ei kvinne som treng  å bli seksuelt tilfredsstilt av ein ny mann nærmast dagleg for å føle at ho ikkje manglar noko. Her handlar det mykje om sex – korleis Ingunn blir kjend med menn ute og på nettet, korleis ho brukar dei for å bli tilfredsstilt og korleis ho trekk seg unna dei når forholda tek til å handle om noko anna enn berre det fysiske.

Etter stereotypien er det berre mennene som alltid tenkjer på sex. Ingunn er annleis, for i forholda hennar er sex det viktigaste, og ho nøler ikkje med å stenge den nye flørten ute når han begynner å forelske seg i ho. Men mennene er langt ifrå usårbare. Ho opplever stadig at mennene blir djupt såra og seier at ho er gal. Kollegaene på jobben flirar, men spør likevel alvorlig om ho ikkje har planar om å slå seg til ro med ein mann og etablere seg. Ingunn ønskjer seg verken mann eller born, livet hennar handlar om arbeid og sex, ikkje noko anna.

Ein dag finn ho ut at ho kan hende burde begynne å leve sunnare – ein diett på alkohol og ostepop utan trening er ikkje det beste, sjølv om ho er forholdsvis ung og sprek. Ute med gåstavar i marka treff ho ein mann og dotter hans. Det er denne opplevinga som får Ingunn til å innsjå at ho kan hende er einsam, kan hende er det noko som manglar i livet hennar?

Det er tydeleg at Ragde har gjort nøye research i arbeidet med denne boka. Hovudpersonen Ingunn er musikkjournalist, og seier sjølv at ho høyrer på alt, unntaket er jazz. Gjennom heile boka finst ei rekkje referansar til musikarar i inn – og utland. Ingunn er dessutan ei ung og moderne dame. Ho bannar på amerikansk og brukar amerikanske slanguttrykk når ho føler for det. Dessutan er ho registert på dei mest populære sjekkesidene på nettet, og er ein flittig SMS-brukar. Ragde brukar Noreg anno 2009 som ei ramme for historia om ei kvinne som lever frigjort. Ingunn er flink i jobben sin, har ei flott leilegheit og god lønn, og vel å leve aleine fordi ho trivst med det. Det treng sjølvsagt ikkje å vere noko negativt. Problemet er derimot at ho brukar menn for å bli tilfredsstilt. Spørsmålet er om det er riktig å gjere det,  overfor seg sjølv eller overfor mennene ho sårar.

Dette er ei annleis bok. Ho tek for seg noko annleis og uventa, korleis det er å vere frigjord kvinne, som ikkje akkurat lever opp til dei forventingane mange har. Mange kvinner på Ingunns alder er gifte, har stort hus og born, men ho ønskjer heller å vere aleine og ikkje vite kva som skjer den neste dagen. Dei mange seksuelle forholda til Ingunn er realistisk og rått framstilt – ein skulle kanskje tru at ingen kan vere einsamme når ein er så intim med eit anna menneske, men det kan vere langt ifrå sanninga. Ingunn forstår sakte, men sikkert at ho har eit problem, at ho er annleis og kan hende ser etter dei feil tinga. Denne utviklinga er interessant å følgje, for det er ikkje openbert at Ingunn vil forandre seg med første.

Dei som forventar seg noko liknande Neshov-bøkene, blir kan hende litt overraska. Men Ragde er ein forfattar med mange valørar. Ho veit å underhalde, overraske og sjokkere. I så måte er oppdraget utført, for Nattønsket er nok ei bok som veit å halde lesarane med seg frå første sida. Ingunn er ei kvinne ulik ein del andre, og korleis utviklinga hennar går, er spennande å følgje med på.