Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: FilmwebEtter stor suksess med dei føregåande romanane om Jarle Klepp; Kompani Orheim og Mannen som elsket Yngve, er det mange som har venta spent på oppfølgjaren. Tore Renberg sine bøker har dei siste åra hausta anerkjenning og popularitet, og det toppa seg då Mannen som elsket Yngve kom som spelefilm, og blei både publikumsfavoritt og Amandaprisvinnar.

Korleis blei så gjensynet med Stavangerguten?
Å møte Jarle i Charlotte Isabel Hansen er som å møte ein gamal ven som har blitt vaksen, eller i det minste 25 år gamal. Året er 1997 og han har flytta frå Stavanger, og er hovudfagstudent på universitetet i Bergen. Der skriv han ei hovudfagoppgåve som er namngjeten og som har gjeve han adgang til den innerste sirkelen av litteraturvitarar, samt eit fysisk forhold til den flotteste kvinna på fakultetet. Det går alt i alt bra med Jarle Klepp. Han har eit par kameratar, pengar nok til øl, og han trur det berre er eit tidsspørsmål før han får publisert ein artikkel i avisa ”Morgenbladet”. Det går bra, heilt til fortida innhentar han på sjokkerande vis. Jarle får eit brev kor han finn ut at han er far til ei sju år gamal jente. Charlotte Isabel Hansen kjem ikkje lenge etter med fly til Bergen for å vere ei uke hos pappaen sin.

Charlotte Isabel Hansen


Charlotte Isabel Hansen
av Tore Renberg
Oktober forlag 2008

Denne uka blir prega av ein far sitt forsøk på å bli pappa, samstundes som han må takle eit brot med ei kvinne han ikkje visste at han ville ha eit forhold med. Det er også ein jobb å forklare den nye livssituasjonen til vener, naboar og ikkje minst til mora som akkurat har blitt farmor. Jarle går på ein stor smell. Men kanskje er det likevel håp for den nybakte pappaen?
Renberg er ein særeigen forfattar. Få tør å dvele ved ein situasjon og skildre ei stemning på same måte som han. Få gjev dei små ting og tankar så stor plass i ei historie om store tema. I tillegg til stemningssettinga vil trufaste lesarar kjenne igjen andre verkemiddel Renberg har nytta tidlegare. Mellom anna verkar popkulturelle referansar å vere noko eit Renberg-verk ikkje kan vere for utan. I dei tilfella kor dette får ein sentral plass i historia, som til dømes gravlegginga av prinsesse Diana, fungerer referansane godt for å verkeleggjere historia for lesarane. Det som derimot ikkje fungerer like godt er at forfattaren mot slutten av boka kjem med ei popkulturel regle av samtidige hendelsar, ting og musikk – til forveksling lik åpninga av Mannen som elsket Yngve, berre at årstalet er bytta ut til 1997. Dette fungerte særs godt den fyrste gongen, men får eit reprisepreg i Charlotte Isabel Hansen som boka kunne vore forutan.
Renberg har uttalt at han anbefalar forfattarar å ta med seg sære og synlege personlegdomar i ei historie, fordi dei ikkje kan unngå å påverke stemninga når dei kjem inn i handlinga. Dette gjeld til dømes Helge Olmbo frå boka bak filmen om Jarle Klepp. I Charlotte Isabel Hansen treff vi på to kameratar av Jarle som kan synast å ha same funksjon, særskild pratmakaren og hobbyfilosofen Hasse. Renberg evnar å skape rike persongalleri, med komplekse karakterar ein som lesar blir glad i. Dette gjeld også i denne utgjevinga, og ikkje minst gjeld det Jarle sjølv. Jarle har som sagt blitt eldre, og har fått nye fokus i livet sitt, men han har tydelege trekk ein kjenner igjen. Han er ein tenkjar på leit etter meining i tilveret, og får bety mykje for folk rundt seg. Samstundes har han fortsatt sider ein kan irritere seg over, som at han er valdsamt sjølvoppteken og at han ofte framstår som uansvarleg. Renberg får fram slike kjensler hos lesaren, om det er irritasjon over ein uungåeleg konfrontasjon ein ser komme, eller om ein blir rørt av ein fars gryande kjærleik til dottera si, og det vitnar om eit godt forfatta verk.

Dottera er eit friskt innslag i Renberg sitt noko akademiske univers. Ho er i stor grad ein truverdig karakter, med ein sjuårings iver og glede, med nokre unntak kor ho blir framstilt som meir modent og intelligent enn kva ein forventar av ei jente på den alderen. Sistnemnte gjeld særskild kommentarar ho kjem med, som til dømes i ein avskjed mot slutten der ho deklamerar ein song. Det er uventa modent av jenta, og uventa sentimentalt frå ein forfattar som Renberg. Om litteraturvitaren Jarle Klepp hadde uttalt seg om boka ville det kan hende vere denne sentimentaliteten han hadde trekt Renberg for. Vi andre kan oversjå dette, og alt i alt vere nøgd med gjensynet med Jarle Klepp.

Charlotte Isabel Hansen er litt vanskelegare tilgjengeleg enn dei føregåande bøkene om Jarle, rett og slett fordi Jarle sin kvardag ikkje utspelar seg på skulen, men på universitetet, med litteraturvitskapen sine tankar og sitt språk. Difor får denne boka ei snevrare målgruppe, og passar betre for litt eldre ungdom.