Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Koll er 13 år og lever i ei gammal, men gjenfødt verd. Drakane er daude, men magien deira lever vidare i vindane.Koll er for ung til å slåst og vere soldat, meiner både far hans og fleire andre i landsbyen, men stridslysta til 13-åringen er sterkare enn dei andre sin vilje.

Det er bare Koll og faren hans igjen i familien. Syskena og mora døydde i ein brann då Koll var baby. Mora døydde då ho beskytta det vesle spedbarnet Koll mot flammane.

Denne hendinga har Koll mareritt om, sjølv om han elles ikkje hugsar så mykje av mora og dei to systrene. ”Han skulle hatt ei mor, og to søstrer, men slik var det ikkje. Menn med sverd og skjold hadde tatt dei frå han, og Koll forstod tidleg at det berre var slike som var frie til å gjera som dei sjølv ville”.

Når Koll treff framandkaren og omstreifaren Eran endrar mykje seg. Koll lærer seg å lytte til nordavinden. Eran trener han til å bli krigar, til å overvinne menn som er større og sterkare enn han sjølv.

Koll og faren hans bur i landsbyen Kervad, ein landsby med ei blodig historie. Den vonde Lothbard er driven ut av landet, men framleis er nokre av hans menn i området og gjer vegane utrygge for reisande. Olvar Reveskinn er leiar for desse mennene.

Med dette som bakteppe opplever lesaren på nært hald ein indre kamp i unge Koll. Han begir seg ut på eventyr med Eran, men etter kvart blir det tydeleg at Eran kanskje ikkje er den personen han gjer seg ut for.

Det er ei spennande verd Rydland tar oss med inn i, ei verd vi ofte har besøkt dei siste åra. Mellom anna gjennom Ringenes Herre, Harry Potter og andre Fantasy-bøker- og filmar.

Eg sit igjen med ei kjensle av at dette ikkje er det siste vi kjem til å høyre om krigaren Koll, landsbyen Kervad og drakar som kviskrar i vinden. Historia er, på ein måte, litt uavslutta.