Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marit Eikemo

Marit Eikemo i samtale med kunstnar Kurt Johannessen. (Foto: Flickr.com)

Arbeid pågår er den andre romanen til Marit Eikemo, journalist og forfattar frå Odda, og er ei lettlesen bok med godt driv.

Bokomslag

Tittel: Arbeid pågår Forfattar: Marit Eikemo Forlag: Det Norske Samlaget, 2009.

Hovudpersonen Harald Strand reiser til Costa Blanca for å få ro, slik at han kan skrive ferdig doktoravhandlinga si om Henrik Ibsens drama. Men her finn han alt anna enn ro. Han blir rastlaus og ukonsentrert av alle dei nye inntrykka som finst på solkysten av Spania.

Her finst det mange nye menneske som Harald lèt seg fascinere av. Alice, den unge dama som ligg og solar seg heile dagen, er den største utfordringa.

Ei avhandling må i hamn, og hovudpersonen går fort under namnet ”professoren” i nabolaget. I nabolaget finst det solhungrige nordmenn, som Ellingsen og døtrene hans.

Det finst òg russarar, engelskmenn og jamvel ein gjeng med spanjolar som kjem for å feriere i eige land. Mange nordmenn trur kan hende at det berre finst nordmenn og skandinavar på solkysten av Spania, men det er feil. Det er sant at mange bleike nordmenn reiser sørover, men andre europearar er også  blitt ein stor del av befolkninga i desse områda.

Men nordmennene i Spania får gjennomgå i boka; naboen Ellingsen er trygdemisbrukar og bruker tida si på å spele sjakk og slumre i sola.

Menneska i nabolaget likar å sjå TV, sitje i sola, symje i bassenget. Dei lever det gode livet, og er ikkje opptekne av så mykje anna. Det viser seg likevel at desse menneska ber på mange løyndommar.

Harald Strand skal snart vere ferdig med doktoravhandlinga, han kjem frå Noreg, og har aldri vore på Costa Blanca før. Han kan overhovudet ikkje sjå for seg at han vil ha noko til felles med desse menneska og denne kulturen.  Men det blir lite skriving på doktoravhandlinga om Ibsens drama.

Stikkorda her er begjær, forelsking og kjærleik. Naboen Alice brukar dagane sine ved bassenget, og ”professoren” kan ikkje la vere å fatte ei interesse for ho.

Han likar ho godt, og dei utviklar ein vennskap. Han blir forelska i ho, og vil snart vere saman med ho heile tida. Men det er ikkje utan problem, for Alice er gift, og er det eigentleg kjærleik ho er på jakt etter?

Kjærleik er nemleg noko Harald er oppteken av. Han byrjar å sakne venninna si i Noreg, Ellisiv, som han har eit godt auge til. Men fordi Ellisiv er lukkeleg gift og har familie, verkar det ikkje som det forholdet vil komme nokon veg.

Hovudpersonen skriv om parodiar på Henrik Ibsens drama. Dermed er det naturleg at me får fleire referansar til den verdskjende dramatikaren.

Eikemo fortel at ho sjølv har eit langt forhold til Ibsen. Verka til Ibsen er pensum på ungdomsskuletrinnet og oppover, og sjølv om det ikkje betyr at alle nordmenn er Ibsen-ekspertar, så veit dei fleste litt om desse kjende verka.

Her treng ein ikkje frykte referansar som berre er for akademikarar – eg vil tru at dei fleste har ein viss kjennskap til dei verka som blir nemnde.

Uansett er det ikkje noko problem om ein ikkje kjenner til Vildanden og Hedda Gabler, sjølv om det naturligvis kan vere ekstra kjekt under lesinga å kjenne til dei verka som blir nemnde.Boka er lettlesen, og på mindre enn 200 sider vil ho nok vere overkommeleg for dei fleste. Språket er lett og uanstrengt. Dessutan har ho godt driv.

Det er ikkje dramatiske hendingar som skjer, men det er dei små, daglegdagse opplevingane til hovudpersonen Harald Strand som skapar spenning.
Arbeid pågår er ei underhaldande bok som er vanskeleg å leggje frå seg –  og ho har både humor og alvor.