Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I den fjerde romanen sin, Affektlære, tar Agnar Lirhus eit langt steg i ei modig retning. Med denne boka har han opna opp for noko – i seg sjølv, mot lesaren, og mot mennesket i seg sjølv. Fordi han er ærleg i høve kva han sjølv tykkjer om, blir det også ei viktig bok for unge lesarar. Den handlar om å vere ein kjenslevar ungdom, om å vere i hovuda og kjensla hos “dei andre” og prøve å fylle dei forventningene som er retta mot seg – som å ligge med nokon utan at ein eigentleg vil, vere med på festar som er litt for ville for eins eigen smak, og ende opp i trekantsamkvem.Kva hugsar du frå det siste bokåret? Karl Ove Knausgård? Ikkje? Knausgård er ein norsk forfattar, busett i Sverige. På eitt år har han skrive fleire tusen sider, fordelt på seks bind kalla “Min Kamp”. Dei har blitt tatt i mot med sterke kjensler og stor debatt. For å “henge med” i samtala, må folk flest lese fire tusen sider med tekst som skal ha eit høgt refleksjonsnivå.

Knausgård har skrive om livet sitt. Han bruker faktiske namn på alle rundt seg, og på seg sjølv, hovudpersonen. “Karl Ove”, heiter hovudpersonen, Linda, kona hans, er “Linda” i boka, og så vidare og vidare. Agnar Lirhus har også skrive ei bok med biografien sin som ramme. Og som Knausgård, gir også Lirhus ut bøkene sine på Oktober Forlag. Oktober, som fyller 40 år i år, feirar at dei har ganske få, men gode forfattarar i “stallen”. Og i eit slikt miljø, med så små forhold: Korleis er det å gi ut ei bok “etter Knausgård”? Det er som å hoppe etter Wirkola, eller spele gitar etter Jimi Hendrix. Kva gjer Agnar Lirhus då? Tar av seg skia, ruslar ned skibakken og byttar ut el-gitaren med klassisk gitar? Jupp. Agnar Lirhus speler klassisk gitar. Han har gått på konservatoriet, og fekk plass i det ganske suksessrike Superfamily. Noko av dette, som han har gjort i livet sitt, bruker han i boka si, Affektlære. Affektlære er ein nøkkelroman, ein oppvekstroman om ein gut som veks opp i Moss. Mosseguten Lirhus seier, i eit intervju med Moss Avis, at, jau då, han hentar stoff frå eige liv.

Både Lirhus, og hovudpersonen i boka går musikklinja på VGS, får ein vennegjeng av kunstnarar, musikarar, skodespelarar, kule folk, full stopp og flyttar til Oslo. Dei studerar klassisk gitar, jobbar på seglbåt, flyktar ut til ei øy og så vidare. Og begge to er kjenslevare gutar som lar ting gå inn på seg. Eg kan seie det om Lirhus fordi vi har vore ute ei vinternatt i lag i Sverige. Hovudpersonen i Affektlære er også ein av dei kjenslevare folka som er merksame på alle blikk mot seg, på blikk som er vendt frå seg, og kan bli knust av eit blikk som er skeivt.

Dei kjenslevare karane

Lirhus, som Knausgård, skriv i detalj om “kvardagen”. Det er detaljert, og på mange måtar “vanleg”. Når Knausgård skriv om “kvardagen”, så blir det spurt: Kvifor kan Knausgård gjere det, og ikkje andre? Svaret er ofte: Knausgård viste, med dei to første, meir tradisjonelle romanane sine, at han er ein sensitiv observatør, god til å tenke og velformulert. Lirhus er også ein sensitiv observatør, og har eit veldig godt språk. Men ein bokmeldar i Morgenbladet kalla Lirhus sin bok “Vanleg om det vanlege”. Sjølv meiner eg at han har laga ein litterær heilskap, og har minst like stor litterær kvalitet som t.d. Knausgård – men på ein annan måte. Dei litterære grepa til Lirhus, er m.a. litterære bilde som reflekterar tema, eit rytmisk og musikalsk språk og ein særskilt fortellarposisjon:

Noko av det som skapte sterke reaksjonar rundt Knausgård sitt prosjekt, var bruken av pronomen. Knausgård sin fortellar er alltid ein open “eg”-fortellar. Dei andre personane er nemnte med namn, eller “titlar” som “mamma” og “pappa”. Lirhus sin fortellar er nesten alt anna enn eg. Fortellaren er heile tida skjult. Stundom kallar han hovudpersonen sin “han”. Dei fleste andre folka får heller ikkje namn, men blir kalla “hun”, “faren”, “kjæresten”, “mora til kjæresten”, “den rasende”. Nokre av folka kallar han med namn. Det er “Sindre”, “Ravn” og så vidare. Anslaget er i andreperson, og tiltaleform:

Mens du venta på meg, runka du og fyrte i peisen. Etterpå satt du lenge inne på gjestetoalettet og titta på sølv – og gullplatene til Espen, de innramma plakatene, Spellemannsprisene.

Dette kan virke mobiliserande på lesaren. Det kan aktivere lesaren, og få han til sette seg inn i situasjonen til hovudpersonen i boka. Det kan også virke provoserande på ein lesar. Lesaren kan tenkje: “Nei, eg sitt ikkje der framfor peisen! Eg ronkar ikkje, sug deg ikkje, grafsar deg ikkje i skrittet”. Det kan også virke nærleiksskapande. Du kan kanskje tenke: “Nettopp! Eg sitt framfor peisen! Eg grafsar deg i skrittet!” Men ofte kan ein slik tiltaleform virke påtrengande, anmasande, eller forvirrande. Det kan bli mange lag å komme gjennom, i høve tid og person, for å skjønne kva som skjer. Særleg når forfattaren, i kombinasjon med den kompliserte tiltaleforma, skrur på pluskvamperfektum, ei av dei mest kompliserte verbformene:

Og hadde det ikke vært for at senga di er så trang, hadde vi sikkert endt med å knulle og suge hverandre, sånn som vi har gjort hver gang vi har støtt på hverandre siden det blei slutt, på fester og andre tilfeldige møtepunkter.

denne lesaren, meldaren, virkar dette første kapitlet positivt. Det gjorde meg nyfiken på dette med forteljarposisjonen. Eg tenkte: “Dette er rart. Dette skal få meg til å tenke eller kjenne på eit eller anna”. Dette kjenner eg på: Skam. Nervøsitet. Leiting etter seg sjølv og forsøket på å forkle det som ein er, med eit intellektualiserande og pent språk, med lag på lag av språklege barrierar, og det å handle kontraintuitivt: “Han” røykar hasj sjølv om han veit vel at han bare blir grå og/ eller paranoid. “Han” ligg med ei jente sjølv om han ikkje er opphissa, og bare gjer det fordi det er forventa av han.

Affekt = sinnsstemning

I følge Store Norske Leksikon, er “Affektlære” ei retning innan barokk musikk som meinte at musikk skulle innehalde kjensler. Ein oppnådde dette med å bruke særskilte toneartar, intervallar, akkordar, rytme. Rammefortellinga til boka “Affektlære”, er historia om “Han” sin erfaring av å spele i band. Men for meg handlar den om å lære seg sjølv å kjenne. Det handlar om å forsøke å skrelle av laga, komme til ein kjerne, og kanskje styrke denne kjernen. For meg handlar boka om å finne ein ryggrad, og bli sterkare i seg sjølv. Det gjer ein mellom anna gjennom å fortelle historia om seg sjølv.

Medan Knausgård sitt prosjekt ikkje handlar om kva historie han fortel, men korleis han fortel den, så vil eg seie at Lirhus sitt prosjekt handlar om begge deler. Lirhus har vitterleg ei historie eller tusen å fortelje. Han fortel dei godt. No og då reflekterer han også veldig godt rundt hendingane som blir fortalde. Men likevel så virkar det å vere litt meir fokus på handling, meir enn refleksjon. Det gjer refleksjonane, når dei kjem, til velspelte soloar som bryt ein meir jamn rytme og melodi. Eit døme: Og i den uvanlige stillheten kunne han plutselig høre bunnen i seg sjøl. Som en brønn, var det. Brønnvann, den stille klukkinga på bunnen der nede. Der nede strålte kjærligheten og han skjønte at han måtte gjøre alt han kunne for at det he rikke skulle bli ødelagt. (…) Og han bestemte seg for å være stillere fra da av og framover. Stille, så bunnen av han sjøl kunne lyde. Søke til roen når stemmene i kroppen hans ropte som verst.

Utdraget viser det kjenslevare ved hovudpersonen. Men slike “vare gutar” har vi då flust av i populærkulturen, gjennom Knausgård, Conor Oberst, Thom Yorke, Morrisey. Det som gjer at eg kjøper nettopp dette dømet og dette prosjektet, er at kjenslene til hovudpersonen på mange måtar er i språket. Det metaformessige fokuset er rundt musikk og lyd. Nesten alle dei litterære bilda er henta frå dette universet. Og når det er fest, er det spillelistene “han” først legg merke til: Paranoid Android, Kungen är død, osb.

Lirhus sin tiltaleform #2

Lirhus sin hovudperson leiter etter seg sjølv i musikken: I sin eigen, og i andre sin. Han leiter hos ei tidlegare elskerinne, som no er psykolog, og som han ber om å lære seg å elske. “Han” spør seg: Finnes det et menneske som kjenner meg, tenkte han, bortsett fra foreldrene mine? Og i tilfelle foreldrene mine har kjent meg: Kjenner de meg fremdeles? (…) aner jeg sjøl hvem jeg er?

Lirhus sjølv, virkar i alle fall å “ha funni seg sjøl” i større grad i denne boka enn dei tre førre. Det er den same sikkerheita i språket, same avklarte haldninga til kva type språk som er hans. Men syntaksen er enklare, og er mindre intellektualiserande kompleks enn eg har sett før. Det er fleire svar enn uforløyste spørsmål. Heldigvis, seier denne lesaren, som i bunn og grunn er litt lat. Når eg les romanar, så lar eg meg gjerne fôre av gjennomtenkte og velartikulerte refleksjonar. Då vil eg helst at forfattaren skal ha gjort refleksjonsjobben.

Eg brukte ein del arbeid på å tenke, då eg las gjennom boka den første gongen. Då forsøkte eg altså å sjå gjennom dei litterære laga som eg nemnde tidlegare. Eg hadde dessutan eit problem med den distanserte tiltaleforma, med at folka i boka heit  “Guruen”, “Nesten-narkomanen”, “Skuespilleren”. Dei blei som representantar for dette og hint i eit liv. “Livet” som det dreiar seg om, det einaste livet, på mange måtar, er hovudpersonen sitt. Eg oppfatta deg som kunstig, og som at “mora”, “mora til kjæresten” osv bare var “statistar” i det store spelet som dreier seg rundt det store “han” (hovudpersonen). Ved andre gjennomlesning lar eg det bare gå. Då kjenner eg bare på distansen som det lagar. Og eg skjønnar at det er noko djupt humant over tiltaleforma. Eg trur ikkje at Lirhus utleverer nokon.

Det framstår også meir og meir realistisk. Eg skjønner at historia må ligge nær Lirhus. Eg skjønner at han skriv om ting som står på spill for han. Paradoksalt nok blir dette, som i utgangspunktet framstår kunstferdig og konstruert, ekstremt realistisk. Realismen ligg i respekten og varsamheita i måten forfattaren nærmar seg objekta i forteljinga. Eg synest at eg kan “føle” redsla for å støte nokon, for å kle av nokon, for å utlevere folk.

Men: Eg ønskjer at eg slapp å skrive Lirhus opp i mot Knausgård. Eg ønskjer at Lirhus hadde venta med å gi ut denne boka, til vi hadde gløymt Knausgård. Det hadde vore spennande å lese boka – utan å vite noko om den samtidige debatten. Men det er ikkje til å kome unna at Knaus-debatten er overveldande og på mange måtar altoverskuggande. Heldigvis er det innbunden skjønnlitteratur vi snakkar om her: Bøker som skal stå i bokhyller i hundre år, og ha like stor verdi om hundre år, som i dag. Og eg gler meg som bare det til å ta dei fram, både Knausgård og Lirhus, om nokre tiår, og sjå kor godt dei står då. Står dei betre då? Står dei framleis “i lag”? Kanskje vil eg då i større grad sjå det individuelle ved Lirhus sitt prosjekt.

Prosjektet?

Så, kva er Lirhus sitt prosjekt? Kor vil han, er han ute etter å forvirre eller forlyste? Er den påfallande “han”-synsvinkelen ein kommentar til “eg”-litteraturen som blir skriven av Knausgård, Tomas Espedal og fleire samtidige, norske forfattarar? Eller er det byrjinga på ei meir personleg vending i forfattarskapen, kor han i større og større grad utforskar seg sjølv? Eg håpar på det siste, og på at han, under denne forskninga, ser at han har eit stort kjensleregister å spele på. Vel er det kjenslevarheit og noko sårbart. Men det er også ein styrke der, som ligg og durar som ein djup djup bass under alt, og som ventar på å få sprenge seg fram og drive ei forteljing framover. Det blir nok ei heit historie – det også.

Til slutt, og for ordens skuld og av respekt for forfattaren, eit oppklårande utdrag frå det omtala intervjuet i Moss Avis:

– Du har ikke tatt en Knausgård, Lirhus?

– Nei. Du kan kanskje si at dette i det store og hele er min historie og at mye av det som skjer med hovedpersonen ligner på livet mitt. Men det er mye i boka som ikke har skjedd også. Og det er ingen personer som finnes i virkeligheten. Knausgårds prosjekt er annerledes. Hans romanserie forsøker å romme hele hans virkelighet, totaliteten av den. Kanskje du kan kalle dette en nøkkelroman, men det er ingen biografi.