Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foto: Filmweb

 

Rørande og romantisk frå ein ung skodespelargjeng: Eit brev frå ein død far og to parallelle kjærleikshistorier er utgangspunktet for filmatiseringa av Jostein Gaarders ungdomsbok ”Appelsinpiken”.

 

 

På 16-årsdagen får Georg (Mikkel Bratt Silset) ein stor, uopna konvolutt frå mora. Den inneheld ei historie som Jan Olav, faren hans, skreiv til han medan han var sjuk og visste at han snart kom til å døy. Historia handlar om ”appelsinpiken”, ei jente med famnen full av appelsinar som faren møter ein dag på trikken. Jan Olav forelskar seg i jenta, som på mystisk vis stadig dukkar opp i livet hans i tida som følgjer. Kven er ho? Kva skal ho med alle appelsinane? Og korleis i all verda skal han klare å finne ho att når ho plutseleg ein dag er borte?

Foto: Filmweb
Film: Appelsinpiken
Skodespelarar:
Mikkel Bratt Silset
Harald Thompson Rosenstrøm
Rebekka Karijord
Regi: Eva Dahr
Premiere 27.februar 2009
 

Georg vert ikkje glad for brevet. Tvert imot reagerer han med trass på at faren bryt inn i livet hans så mange år etter at han døydde. I sinne reiser han heimanfrå med ski og fullstappa ryggsekk, men på toget mot høgfjellet og påskeferie opnar han likevel konvolutten. Og kjærleikshistoria som faren hans fortel, viklar seg etter kvart inn i Georgs eige møte med påskefregnete og søte Stella på ei skihytte.


”Appelsinpiken”-boka av Jostein Gaarder
slår meg ikkje som noko naturleg val for filmatisering, og regissør Eva Dahr og teamet bak filmen har då også gjort radikale grep i historia for å gjere den betre egna for lerretet. Blant anna er den parallelle handlinga der Georg reiser på påskefjellet skrive inn i filmen, medan Georg i boka berre sit på rommet sitt og grunnar over det faren skriv.

Å skrive fjellturen inn i historia
er eit vellukka grep. Ikkje berre får vi bli betre kjent med Georg på denne måten, men vi får også servert nokre blendande vakre filmsekvensar frå skituren og den kalde, stjerneklåre natta utanfor hytteveggen. Og nettopp filmfotograferinga og lyssetjinga gjer at filmen utmerkar seg på det tekniske plan.
Men det er det unge skodespelar-ensemblet som gjer filmen verdt å sjå. For den som har stussa på om fire så unge og urøynde skodespelarar kan bære ein slik storproduksjon aleine, viskar særleg dei to mannelge hovudrolleinnehavarane bort all tvil.

 

Den sterkaste rolla gjer Harald Thompson Rosenstrøm, som spelar Georgs far Jan Olav. Trass sin unge alder og enno ikkje fullførte skodespelarutdanning, gjer han ei sterk og svært truverdig rolletolking. Hans forelsking formidlast så sterkt at den nesten opplevast som fysisk tilstade i kinosalen.

 

Også Mikkel Bratt Silset, som tidlegare har spelt i den norske filmen ”Sønner” frå 2006, utmerkar seg. I hans tolking framstår Georg både som ein meir moderne og meir truverdig tenåring enn den Georg som Jostein Gaarder serverer oss i boka. Silset klarer å formidle ein utilpass og litt keitete 16-åring som ikkje heilt veit korleis han skal handtere den uventa forelskinga i Stella, eller at faren hans byr ei eventyrleg kjærleikshistorie frå den andre sida av døden.

 

Det som trekk ned i filmen, er den tidvis overtydelege symbolbruken. At det stadig dukkar opp appelsinar og oransje og raudlege fargar både på veggar, i trea og på tekoppar kvar gong appelsinpiken gjer sin entre, opplevast som unødvendig. Og når ein filosofisk diskusjon om tid mellom Jan Olav og appelsinpiken vert avløyst av Shaun Bartlett-låta ”Timetravelling”, vert det for myke av det gode.

 

Eg stussar også på ei litt merkeleg casting av skodespelar Rebekka Karijord som mora til Georg. Som den ungdommmeleg utsjåande 33-åringen ho er, ser ho for ung ut til å spele mora til ein 16-åring. Karijord hadde vore eit betre val som søstera til Georg enn som mora hans, og dette trekk ned heilskapsinntrykket av filmen.

 

”Appelsinpiken” stiller dei store, filosofiske spørsmåla om livet, døden og kjærleiken. Korleis fortel ein til nokon at ein skal døy? Og viss ein har valet mellom å døy ung, eller ikkje å leve i det heile tatt, kva skal ein velje? ”Jo finare det er å leve, jo verre er det å døy”, skriv Jan Olav i brevet til Georg. Setningar som dette kunne lett blitt til klisjear, men i filmen er replikkane kutta inn til beinet, slik at ein unngår dei store filosofiske diskusjonane som kjenneteiknar Gaarder sine bøker. Dei filosofiske grunntankane er likevel tilstades, og kan vere med på å spreie filmen til eit større publikum enn berre ungdommar og tenåringar. At filmen har ein brei appell vitna også publikumssamansetninga på førpremiera under Gimle filmfestival i Oslo om, der heile spekteret frå 10-åringar til 80-åringar var tilstades i salen.
For filmatiseringa av ”Appelsinpiken” er både rørande, romantisk og morosam. Og Harald Thompson Rosenstrøm og Mikkel Bratt Silset sine prestasjonar i seg sjølv gjer filmen verdt å sjå.