Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser seg at Yasmeen ber på ein farefull løyndom. Foreldra ynskjer å gifte henne bort til ein mann i heimlandet som ho ikkje vil ha. Det blir starten på ei farefull flukt der Yasmeen prøver å kome seg bort frå sin eigen familie, og ikkje minst overleve. Men kanskje er ikkje alt akkurat slik som det ser ut til å vere? Kanskje kjem det hjelp frå ein uventa kant?

Bruheim klarer å ta opp vanskelege tema som æresdrap og tvangsekteskap på ein naturleg og enkel måte. Språket er både levande og godt, men likevel blir det somme tider litt vel mange forklaringar. Handlinga kunne med fordel stått meir på eigne bein, utan at teksten måtte fortelje oss alt som skjer.

Somme tider får ein også ei kjensle av at episodar, dialogar og skildringar nesten er litt klisjeaktige. Mykje av dette har me både sett og høyrt før i mange liknande tekstar. Likevel framstår personane som både truverdige og ekte, noko som fører til at me stolar på teksten og handlinga. Me ynskjer å vite kva som skjer fordi me allereie er blitt så godt kjende med dei det handlar om.

Og spenninga klarer Bruheim å halde fast på. Dette er boka ein ikkje legg frå seg før ein veit korleis det går med Yasmeen? Og kva som eigentleg skjer mellom dei to vennene Bente og Henrik? Er det meir enn vennskap? Og kva skjer med Ingrid? Kvifor treng ho plutseleg så mykje pengar?Handlinga har som ei god ungdomsroman bør ha, både kjærleik, spenning, vennskap og ungdomsliv som tema, og Magnhild Bruheim klarer å fange lesaren på eit tidleg tidspunkt. Boka held også det den lovar; nemleg å gi oss ei spanande historie. Ungdomsromanen gir også eit innblikk i eit samfunn kanskje ikkje så mange kjenner godt, men likevel trur eg ikkje lesaren får mange nye aha – opplevingar. Det meste av dette har me både sett og lest om før.