Blogg har blitt den nye dagboka. Og dagboka er ikkje lenger berre for forfattaren sjølv og ei og anna nysgjerrig litlesyster som lurar seg inn på rommet – den er for alle dei nysgjerrige, tastetrykkjande og verdsvevande menneska som sit skjult bak kvar sin skjerm på leit etter nye inntrykk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gjennom bloggen gir ho oss eit innblikk i kvardagslege turar, tankar og hendingar. I tillegg deler Mariell alle dei fine tinga ho kjem over med oss. Ho postar bilete av tekstar Murakami har skrive. Ho let oss smake på makronar og små, søte kaker. Ho skriv om filmar ein berre må sjå, som ”Aristokattene”, ”A Little Princess” og ”New York – I Love You”. Ho viser oss ting ho har funne på loppemarknad, og minner oss om at alle bør ha sommarfuglar på kjøleskapet. Ho fortel oss om Oslo, om musikk, om mat, om reise, om klede og om sånt som får ein til å smila.
Innlegga hennar er fulle av vakre bilde ho sjølv har tatt, av alt frå kaffikoppar til ”han fine”. Berre desse bilda er grunn nok til å ta ein tur innom hjartesmil.blogg.no fordi dei er så fulle av augeblunk. Augeblunk som lauv som blir kasta i lufta, tomme kaffikoppar og smilande menneske. Ein blir servert bilde som får ein til å smile, og bilde som gjer ein trist – men i tru Mariell-stil er det sjølvsagt mest av det glade. I tillegg supplerer ho med andre bilde ho har funne på nettstadar og i filmar.
Mariell sin blogg er vakker på så mange måtar at om ein blar gjennom arkiva druknar ein nesten i tips om fine ting. Bloggen hennar forandrar verda hjartesmil etter hjartesmil, og dersom du ynskjer å dukke ned i ein godtepose full av inspirasjon bør du klikke deg innom hjartesmil.blogg.no