Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Terje Torkildsem

Terje Torkildsen har skrive ei dyster spenningsbok. (Foto: Line Langhelle)

Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då ei kjempebølgje slår inn over metropolen på morgonen 18. januar 2014.

Bokomslag Dystopia

Bok: Dystopia Forfattar: Terje Torkildsen Forlag: Det Norske Samlaget, 2009

Skuleturen viser seg å bli både dramatisk og prega av kaos. Kor er alle dei andre? Og kva skjer? Resultatet blir at elevane må ut på farefull ferd for å kome seg heim til Noreg.

Dystopia er full av action og spenning. Men den drivande historia er også brutal, rå og sterk. Terje Torkildsen klarer å fange lesaren frå første side og klarer meisterstykket med å halde på han til siste slutt.

Ikkje minst fører dei sterke skildringane og det lette og munnlege språket til at mange vert fengsla. Boka er den første i ein serie på fire om elevane og den farefulle skuleturen.

Mange vil truleg kaste seg over dei tre siste i serien når første boka er utlest. Her er nemleg mange spørsmål som ikkje får svar.Torkildsen er ein modig forfattar. Ein forfattar som vågar å la ungdommane banne og som rører ved tema som død, einsemd og vald på ein elegant og naturleg måte. Det fører til at både historia og persongalleriet i boka ber preg av å vere realistisk.

Dette er ei historie me trur på, ei historie som skapar tillit hjå lesaren. Sjølv om handlinga er lagt til 2014 klarer Torkildsen å få lesaren til å tru på boka.

Ofte fører tidsperspektiv fram i tid til avstand mellom handlinga og lesaren. Men ikkje her. Torkildsen klarer nemleg å fortelje ei historie me kan kjenne oss att i. Ungdommane i 2014 er ikkje så mykje annleis enn ungdommane i 2009.

Og dei seks elevane har alle trekk me kjenner oss att i og kan identifisere oss med. Dei går i dei same kleda og snakkar om dei same tinga som ungdommane gjere i dag. Likevel er det eit anna samfunn dei lever i.

Boka har eit dystert preg. Framsida ber preg av mørke fargar og signaliserer øydelegging. Det er nesten som om ungdommane er komne til eit vegskilje. No går det meste gale, eller kanskje ikkje?

Scout sine kunnskapsrike råd har ein tendens til å føre gruppa trygt gjennom dei mange risikoane. Og dei møter både gjenstandar og menneske langs vegen som kan hjelpe dei. Likevel ser reisa ut til å bli både lang og vanskeleg.

Tittelen Dystopia gir oss også assosiasjonar om eit marerittaktig og skremmande samfunn. Nesten som eit mørkt vrangbilete av det opphavlege samfunnet me lever i.

Dystopia er ei drivande og spennande historie for ungdommar. Gjerne dei som har passert 14 – 15 år. På grunn av den harde realiteten som vert skildra i boka er den truleg ikkje noko for dei yngre. Terje Torkildsen fekk i 2009 Uprisen for sin debutroman Marki Marko.