For ho ganske så tøff i trynet, og ikkje redd for konsekvensane av det ho gjer. Eller kanskje ho berre ikkje tenkjer godt nok gjennom det? Men ho tenkjer i alle fall kjapt og klart når det trengst, og ho er like smart som ho er tøff. Vi skal vere glade for den tøffe stilen og kjappheita, for den driv forteljinga framover. Er det noko det ikkje er mangel på i denne boka, så er det driv. Det går verkeleg unna i svingane, og det er spennande så det held.
Som lesar klarer ein knapt å leggje boka frå seg, for dette er spennande og heilt utan dødpunkt. Kanskje burde det vere nokre fleire kvileskjer? For det eine tek det andre her, og det er ikkje måte på kor mykje vondskap som skjuler seg rett under overflata. Det heile blir måla med ein brei pensel, og kanskje i overkant svart/kvitt? Dei slemme er så slemme som det går an å bli, nesten. Dei goda er noko meir nyanserte. Men ein får stor sympati for Engel, og det er ikkje tvil om at ho kjempar den gode saka, og at det er henne vi skal heie på.
Som sagt er ho svært tøff, og det er litt vanskeleg å kome under huda på henne. Tøffheita treng ho nok, for ho er jo sårbar, som vi alle er – og ho er aleine. Ho har ikkje så mange å snakke med, og det skin gjennom at ho har nokre udekte behov på den fronten. Men dette er berre fyrste bok, av tre, så vi lærer henne nok å kjenne betre. Eg skal i alle fall lese vidare, og eg gleder meg. Englefjes er spennande, underhaldande og morosam.