Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Handlinga i boka er lagt til ein fredeleg drabantby utanfor Pennsylvania i USA, som 6. desember 1973 blir åstaden for drapet på 14 år gamle Susie Salmon. Romanen er Susie si historie, ei ho fortel frå himmelen. Ho fortel detaljert til det groteske korleis ho vart drepen, og om korleis politi og andre i tida etterpå jaktar på bevis for å finne den skuldige. Mordaren er ein merkeleg, men tilsynelatande ufarleg enkemann frå nabolaget. Susie sin far mistenkjer raskt naboen, men utan bevis er det lite politiet kan gjere. Etterkvart kan Susie fortelje om andre som har lidd same skjebne som ho i møtet med naboen, og ho får eit innblikk i kva som kan ha gjort mannen til ein rå og hjartelaus mordar. Susie fortel også om korleis ho har det i himmelen, ein stad der du sjølv får avgjere korleis omgivelsane skal sjå ut og der du etterkvart får møte dei som har gått bort før deg. Samstundes kan du framleis følgje med på det som skjer på jorda, og Susie si historie handlar aller mest om dei som er igjen etter ho: naboguten ho var forelska i, nabojenta ho freista halde fast i da ho som sjel måtte dra frå jorda, og ikkje minst om Susie sin eigen familie. Ho knyttar hendingar frå sitt eige korte liv til hendingar i liva til dei rundt ho slik dei utviklar seg vidare utan Susie.

Susie var eldst av tre syskjen. Systera Lindsey og broren Buckley får ein oppvekst som ikkje overraskande er kraftig prega av Susie sitt fråvær. Men om det er hardt for syskena, så er det om mogleg enda hardare for Susie sine foreldre å leve vidare utan eldstedottera. Alle mine kjære er derfor også ei historie om ein familie i oppløysing, og ei historie om sorg. Sart og vakkert blir sorga til dei rundt Susie tydeleg gjennom det ho fortel om dei. Systera sin sorg gjev ho eit valdsamt overlevingsinstinkt der saknet blir blanda med eit ynskje om eit eige sjølvstendig liv – ikkje berre eit liv som ”systera til den drepne”. Broren får eit hjarte av stein, og faren lever i stor grad gjennom minna han har igjen. Han søkjer å gjere det riktige for si avlidne dotter slik at han driv folk ifrå seg, medan mora sin sorg gjer ho så skøyr at ho flyktar frå alt. Det heile kunne blitt ei depresiv lesaroppleving, men i all sorga og elendet er det også rom for kjærleik. Kjærleik mellom nyforelska ungdommar, gjenoppdaga kjærleik, ungdomskjærleik og vaksen kjærleik, og ikkje minst kjærleiken mellom foreldre og born.

Det er mykje som gjer Alice Sebold si bok til ein krimroman ulik andre. Mellom anna er det aldri nokon løyndom kven som er mordaren i historia, og den typiske ”løyse-mord-gåta” vik plass til fordel for historiene til offeret sine kjære. Men det som kan hende er mest særskild med Alle mine kjære er forfattaren sin måte å fortelje på. I mangel på eit klart og typisk mysterium, kunne krimhistoria fort ha blitt sentimental eller uengasjerande lesing om sorg og sakn, men historia er tvert om original og spennande. Gjennom Susie kommuniserar Sebold godt med lesaren, og ho skriv med eit driv og med ein vasstett kontroll over historiane til dei ulike karakterane i boka. Korleis det går med desse, blir eit like fengjande spørsmål som ei mordgåte kunne ha vorte. Når ho i tillegg utan problem beveger seg over eit tidsrom på fleire tiår, og har eit sentralt mystisk innhald med ei god blanding av levande og daude, kan det vere freistande å samanlikne ho med suksessforfattaren Isabel Allende.

Det er ikkje overraskande at boka er i ferd med å filmatiserast, ei heller at det er store namn som står bak prosjektet, med Peter Jackson (Ringenes Herre-triologien) i registolen og mellom anna Susan Sarandon, Rachel Weisz, Mark Wahlberg og Stanley Tucci på rollelista. Filmen har verdspremiere våren 2009, det er berre å gle seg.