Framtida
Publisert
Oppdatert 19.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Da eg var liten hadde eg ein draum om å spele på det norske fotball-landslaget. Ein draum eg truleg delte med mange andre. Å oppnå proffdraumen opplevde dei færraste av oss. Kanskje byrjar vi til og med å tru at det var til det beste når vi blir litt eldre. Skeid-trenar Arild Stavrum har skrive bok om Joachim, ein avdanka Molde-spelar på 31 år, og om hans liv som proff i eit av botnlaga i Tippeligaen. Korleis er det å vere i skorne til ein tippeliga-spiss som aldri har slått til?

Om fotballmiljøets skuggesider

I forhold til kor mange som elskar, liker eller hatar fotball er det overraskande få skjønnlitterære bøker frå fotballmiljøet. Arild Stavrum kjenner miljøet innafrå og skriv brukbart. På mange vis føler eg at Stavrum har skrive med utgangspunkt i seg sjølv og sine eigne erfaringar; ein spiss med nokre få landskampar, ein god spelar, men ikkje på same nivå som Myggen, Solskjær eller John Carew. Dette gjer at boka verkar truverdig og ærleg fordi ein blir driven av eit ønske om å vite meir om dette livet så mange av oss har drøymt om å leve. Samstundes handlar 31 på gress om konkurranse, pengar, ære og om å bli vaksen.

Kanskje tek Arild Stavrum eit lite personleg oppgjer med fotball-Noreg? Molde er hatobjekt nummer ein. Boka forklarar mykje om drikkekulturen i norsk fotball og fleire namngitte spelarar får gjennomgå. Til dømes når det blir fortald om landslagets treningsleir på Jamaica, og Stavrum gir «vatn på mølla» til alle dei som påstår at landslagsspelarane er late. For Stavrum legg ingenting i mellom når han skildrar kynismen i dagens fotballverd. Historia i boka blir difor litt karikert, men samstundes står jo fleire av dagens fotballspelarar fram på same måte som i framstillinga, med strigla sveis i reklame, flotte bilar og skyhøge lønnskrav.

Effektiv roman

Stavrum har eit enkelt språk som passar godt til historia han formidlar. Joachim er ein karakter ein kan identifisere seg med på godt og vondt. Og nokre av spelarane verkar like sjølvopptekne som vi kanskje trur at dei er. No når den norske eliteserien er i gong passar 31 på gress utmerka. For fotball-litteratur i romanform fungerer godt. Romanen er ikkje den beste boka du har lese, men samstundes både engasjert og lett å like. Som ei miljøskildring er ho glitrande. For 31 på gress handlar både om kjærleiken til fotball og store tema som einsemd, modning og barndom. Analysane blir kanskje litt korte, sjølv om boka er lang, men den er samstundes usminka og ærleg.

Dei fotballfrelste er ikkje alltid blant dei som les mest, men her kan ein slå to fluger i ein smekk. Eg anbefaler difor 31 på gress til fotballinteresserte i alle aldrar.