Med Venstres inntog var det duka for rokade med fem nye statsrådar. Fire måtte ut, fem fekk nytt departement og resten fekk fornya tillit der dei er.
NPK-NTB
NPK-NTB

Partileiarane Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp) fortset som statsminister og finansminister, mens partileiar Trine Skei Grande (V) blir ny kulturminister i den blågrøne regjeringa som viste seg for første gong på Slottsplassen etter eit kort statsråd onsdag ettermiddag.

Ei tydeleg stolt ny regjering vart møtt av smilande venner då dei presenterte seg på Slottsplassen klokka 14.17. Etter klemmer og handtrykk vart statsrådane overrekt blomsterbukettar. Aller flest vart det til Venstre-leiaren, som sleit med å få plass til alle bukettane.

– Korleis skal eg kunne bere alt dette, sa Grande, som enda med å få berehjelp av statsminister Erna Solberg.

Elvestuen og Nybø

Trepartiregjeringa må framleis finne støtte frå minst eitt av dei større partia på Stortinget for å sikre fleirtal for sine forslag. Og den nye regjeringsplattforma som vart lagt fram på Jeløya i Østfold søndag, ber bod om at det ikkje alltid er det tidlegare samarbeidspartiet KrF dei blågrøne vil vende seg til.

Venstre, som så vidt fekk over 4 prosent oppslutning ved stortingsvalet hausten 2017, får tre statsrådar i den utvida Solberg-regjeringa. Grande får med seg nestleiar Ola Elvestuen som blir klima- og miljøminister. Den andre nestleiaren, Terje Breivik, blir igjen på Stortinget og rykker opp til parlamentarisk leiar for Venstres stortingsgruppe.

Iselin Nybø forsvann ut av Stortinget i fjor haust. No får ho eit comeback i rikspolitikken som statsråd med ansvar for høgare utdanning og forsking i eit oppsplitta kunnskapsdepartement.

Regjeringen Solberg på Slottsplassen etter ekstraordinært statsråd på Slottet. Statsminister Erna Solberg (H), finansminister Siv Jensen (Frp), kulturminister Trine Skei Grande (V), klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), minister for høyere utdanning og forskning Iselin Nybø (V), eldreminister Åse Michaelsen (Frp), bistands- og utviklingsminister Nikolai Astrup (H), justis- og innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp), barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H), kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H), kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H), næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), utenriksminister Ine Eriksen Søreide (H), forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H), helseminister Bent Høie (H), samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H), landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og olje- og energminister Terje Søviknes (Frp). Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Regjeringa Solberg på Slottsplassen. Statsminister Erna Solberg (H), finansminister Siv Jensen (Frp), kulturminister Trine Skei Grande (V), klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), minister for høyere utdanning og forskning Iselin Nybø (V), eldreminister Åse Michaelsen (Frp), bistands- og utviklingsminister Nikolai Astrup (H), justis- og innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp), barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H), kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H), kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H), næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), utenriksminister Ine Eriksen Søreide (H), forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H), helseminister Bent Høie (H), samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H), landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og olje- og energminister Terje Søviknes (Frp).
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

To nye blåblå

Begge dei gamle regjeringspartia stilte med ein heilt fersk statsråd hos kongen onsdag. Åse Michaelsen blir eldrestatsråd i ein alder av 57 år. Den nyoppretta stillinga blir lagt til Helse- og omsorgsdepartementet. Michaelsen representerte Frp på Stortinget frå 2005 til 2017.

Noregs rikaste politikar, Høgres Nikolai Astrup, blir på si side utviklingsminister, ein post som er oppretta igjen. Astrup vart valt inn på Stortinget i 2009 og attvalt i 2013 og 2017. Samtidig blir posten som EU- og EØS-minister avvikla.

Nye oppgåver

Blant dei sitjande som får nye oppgåver, blir endringane kanskje minst for Sylvi Listhaug (Frp). Ho blir verande i Justisdepartementet, der ho overtar som justisminister etter partikollega Per-Willy Amundsen samtidig som ho tar med seg sin gamle portefølje som innvandringsminister. Amundsen går heilt ut.

Linda Hofstad Helleland (H), Jan Tore Sanner (H), Monica Mæland (H) og Torbjørn Røe Isaksen (H) får alle nye jobbar. Helleland går frå kultur til barne- og likestillingsminister, Sanner blir ein av to statsrådar i Kunnskapsdepartementet, Mæland overtar for Sanner i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Røe Isaksen overtar for Mæland i Næringsdepartementet.

Rokeringane inneber at Marit Berger Røsland (H), Solveig Horne og Vidar Helgesen (H) slår følgje med Amundsen ut av regjeringa.

Blir sitjande

Desse statsrådane blir sitjande:

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H), helseminister Bent Høie (H), samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H), landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).

Oppdatert: onsdag 17. januar 2018 16.25
ANNONSE