Her er dei norske filmane du kan gle deg til i år

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 14.01.2018 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag blei norske filmar som skal til pers første halvdel av 2018 presentert for norsk presse.

Først ut er roadmovien «Rett vest», som hadde premiere 5. januar. Med Benjamin Helstad, Iben Akerlie og Ingar Helge Gimle i berande roller, sender regissør Henrik Martin Dahlsbakken oss på eit eventyr – der målet er ein quilting-konkurranse på øya Ona.

26. januar kjem neste norske film ut: Erik Poppes portrett «Per Fugelli. Siste resept». Dokumentaren blir skildra som eit livsbejaende portrett av «heile landets fastlege».

Debattanten, forfattaren og professoren i sosialmedisin gjekk bort i september i fjor, og Poppe fekk følgje han det siste halvåret.

– Han blei tryggare på å vise den ekte, private sida som kan gi andre noko. Å vise at han ikkje er råsterk heile tida, uttaler Poppe i eit intervju med VG.

Mørkare i mars

I februar får vi stifte kjennskap med eit ungt rockeband som følgjer draumen når komedien «Los Bando» entrar kinolerreta 16. februar. Med Christian Lo bak regispakane har Jonas Hoff Oftebro fått ein stor rolle.

Deretter følgjer «Norske byggeklosser»: Også dette ein komedie, denne gangen om eit par som bokstaveleg talt møter veggen når dei skal renovere eit hus. Ine Jansen, Anne Marit Jacobsen, Atle Antonsen og Anders Baasmo Christiansen har rollene og premieren er 21. februar.

Mørkare blir det med «Now It’s Dark», ein film som melder seg 2. mars, ifølgje Norsk filminstitutt. Arild Østin Ommundsen leverer her eit psykologisk drama om Lene – som i kjølvatnet av mannens utruskap mister fotfestet. I rollene dukkar det opp kjenningar som Silje Salomonsen, Pia Tjelta, Per Kjerstad og Kristoffer Joner.

Teppet går opp for «Hatets vogge» 9. mars: En dokumentar frå Håvard Bustnes som på originalt vis skildrar innsida av eit høgreekstremistisk parti.

Mars held fram i alvorets teikn, med «Utøya – 22. juli», som får premiere 9. mars. Spelefilmen kjem frå Erik Poppe – som dermed er dobbelt filmaktuell denne våren.

To barnefilmar

16. mars er det klart for ein ny dokumentar. Sofia Haugan er ein nyutdanna filmskapar som med dette har levert ein dokumentar om eit uvanleg og hardt prøva far-dotterforhold.

Mars er også månaden for barnefilm: 23. mars kjem både «Brillebjørn på bondegården» og «Operasjon mørkemann». Førstnemnde er det Maiken Marstrander som både har skrevet og regissert, og det handlar blant anna om mot og «fantasimagi».

«Operasjon mørkemann» blir skildra på sin side som «ein spennande Sherlock Holmes-historie for heile familien», med Grethe Bøe i registolen.

Frå Magnus Meyer Arnesen kjem dramaet «Når eg fell». 13. april går teppet opp for historia om Joachim – som er i ferd med å tape kampen mot heroinen. Spørsmålet som blir stilt er «om han klarer å bli den han eigentleg ønsker å vere», heiter det blant anna i pressemateriellet.

Norsk dramakomedie i westernfargar

Dramaet blir følgt av noko så sjeldan som ein norsk dramakomedie – med sterke western-fargar. Hestane er bytta ut med mopedar, og skodespelarar som Cato Skimten Storengen, Ole Christoffer Ertvaag, Nina Ellen Ødegård og Kristoffer Joner leiar an. «Vatn over eld» er regissert av Joern Utkilen og får premiere 8. juni.

Sist men ikkje minst merkar vi oss «Benjamin Falck og dødsdolken», med premiere 29. juni. Eventyrfilmen frå Martin Sofiedal (regi og manus) tar oss blant anna med til Mallorca – der det blir jakta på ein eldgammal skatt. I rollene møter vi blant andre Fredrik Skogsrud, Caroline Glomnes og Trond Fausa Aurvåg.