mm

– Å mista ein forelder er noko ein lærer av. På godt og vondt blir du eit anna menneske, seier Jim André Gjerde.

17 år gamal opplevde han det som for ungdomar flest fortonar seg som eit fjernt mareritt: Han mista mor si til sjølvmord. Det blei starten på eit nytt liv der han måtte han greia seg utan ein av dei viktigaste omsorgspersonane.

Jim André er éin av tre ungdomar som fortel si historie i dokumentarfilmen Uten mamma, uten pappa. Dei to andre er Therese Solstad Hansen, som mista mora til brystkreft som 16-åring, og Daniel Robin Løseth, som mista faren i ei bilulukke då han var 12.

LES OGSÅ: – Vi kan redde fleire ved å snakke om sjølvmord

– Har opplevd det sjølv
Bak filmen, som i dag har premiere på Den norske dokumentarfilmfestivalen (Dokfilm) i Volda, står ein filmskapar som kjenner temaet på kroppen.

– Bakgrunnen for at eg ville laga akkurat denne filmen, er at eg har opplevd det sjølv, seier Kaia Johnsen Viki (28).

Ho var 20 år då ho mista mor si – litt eldre enn dei tre unge sunnmøringane, men framleis i ein alder der ein er på veg ut, opp og fram i livet, og der dei daglege bekymringane handlar om alt anna enn at mor eller far plutseleg kan bli borte for alltid.

– Eg ville prøva å skildra litt av den sorga som er så veldig vanskeleg når ein er på den alderen. Ein er så tidleg i livet og veit ikkje heilt kor ein er på veg, seier Viki når Framtida.no møter henne på ein kafé på Grünerløkka i Oslo.

Untitled-3
– Av og til blir eg så blenda av sorg at det går over i raseri, seier Daniel Robin Løseth frå Ørsta. Foto: Kaia Johnsen Viki

Vanskeleg for vener
I tillegg til at ein må finna ut av korleis ein sjølv skal takla sorga, må ein forholda seg til vener og skulekameratar, som kanskje er like usikre på korleis dei skal reagera. I filmen fortel Daniel at venene hans ikkje visste korleis dei skulle reagera då faren gjekk bort.

– Me var berre 12 år heile gjengen. Til dags dato har eg ikkje snakka så mykje om pappa med venene mine. Dei turte ikkje akkurat å spørja meg så mykje om han, heller, seier han.

Filmskapar Viki har sjølv opplevd kor vanskeleg det kan vera for omgjevnadane å forstå. Eit av måla med filmen har difor vore å bidra til større forståing.

– Folk rundt deg på same alder veit kanskje ikkje heilt korleis dei skal forholda seg til deg når noko slikt skjer. Det var noko av det eg ville oppnå: At unge som ser filmen kan få eit litt betre bilete av korleis det kan opplevast å mista ein forelder når ein er ung, slik at dei kanskje kan vita litt meir om korleis dei kan forholda seg til ein ven eller ei veninne som opplever det same.

LES OGSÅ: Desse filmane må du få med deg på Dokfilm 2017!

Untitled-5
– Eg ville ikkje berre sitja og vera lei meg. Eg ville vera med på alle dei vanlege aktivitetane, fortel Jim André Gjerde frå Ålesund. Foto: Kaia Johnsen Viki

Rar og utilpass
Ingen sørgjer likt, og dei tre ungdomane me blir kjente med i filmen, har veldig ulike historier å fortelja. Jim fortel at han kjente seg rar og utilpass, og følte ei stund at han ikkje var «lei seg nok» etter at mora tok sitt eige liv.

– Det med sjølvmord er ekstra vanskeleg, fordi ein kan sitja att med skuldkjensle og veldig mange spørsmål utan svar. Historia til Jim var kanskje den som gjekk mest inn på meg, seier Viki.

Therese fortel på si side at ho ofte tenkjer på korleis det blir å gifta seg og få eigne barn utan at mora hennar får vera til stades og ta del i det.

– Viss eg skal seia noko eg kjenner meg att i, så er det dét. Det å måtte gå gjennom viktige ting i livet utan mor, fortel Viki.

Untitled-7
– Av og til er det godt å sakne mamma. Det minner meg på at eg ikkje har gløymt henne, seier Therese Solstad Hansen frå Ålesund. Foto: Kaia Johnsen Viki

– Ein klarer det
Gjennom kameralinsa til Viki følgjer me Daniel, Therese og Jim André på jobb, på skulen, i fritida, saman med vener og familie. Då opptaka blei gjort i 2015 var dei høvesvis 17, 18 og 19 år.

Sjølv om dei alle har sitt sakn og sine såre minne, kjem det fram at dei har klart seg i det nye livet utan  mamma eller pappa.

– Det var litt av poenget mitt: Eg ville visa at livet går vidare, at ein klarar det og at ein får eit fint liv. Samstundes har ein det saknet som alltid vil vera der, men det lærer ein seg å leva med, fortel Viki.

Etter visninga på Dokfilm håpar filmskaparen at filmen, som ho har gjort ferdig med støtte frå Kreftforeininga og LEVE – Landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord, kan nå fram til fleire unge på skular og på Internett.

For Viki er det viktig å formidle ein optimisme mellom alt det vonde.

– Eg har lese at mange som går gjennom det, føler at dei kjem betre ut av det på den andre sida. Sjølv om ein absolutt ikkje på nokon måte skulle ønska at det hadde skjedd, så kjenner ein seg på ein måte sterkare når ein først har vore gjennom det.

SAM_0348b– Eg er veldig glad for at filmen får premiere på Dokfilm. Det var på den festivalen eg oppdaga dokumentarfilm, seier Kaia Johnsen Viki (28), som engasjerte seg i Dokfilm-styret då ho studerte journalistikk og dokumentar ved Høgskulen i Volda.

Slik taklar du sorg – og slik støttar du den som sørgjer

Det er krevjande å vera ungdom eller ung vaksen i sorg, stadfestar psykologspesialist Atle Dyregrov ved Senter for krisepsykologi.

I boka Ung sorg, redigert av Birgitte Gjestvang og Marit Slagsvold, skriv han om utfordringane ein møter som sørgjande i denne alderen:

«Mange voksne trøster seg med at de unge nok klarer seg, så store som de er blitt. De kan forvente at du skal greie deg selv, mens du selv kan føle at du trenger hjelp og støtte for å takle sorgen. Det kan samtidig være vanskelig å innrømme at du trenger hjelp. I vårt samfunn skal du helst være selvstendig og kunne greie alt selv.»

Dyregrov forklarer at både skuldkjensle, redsle og sinne er normale reaksjonar etter å ha mista ein forelder eller nokon andre som har stått ein nære. Det finst ikkje éin riktig måte å sørgja på, og det kan difor vera vanskeleg å gi generelle råd.

Her er likevel nokre av psykologen sine tips til den som har opplevd å mista nokon:

Snakk med andre så sant du føler dei forstår deg. Om det er like tungt uansett kor mykje du snakkar, kan det vera på tide å søkja fagleg hjelp (psykolog).

Det kan hjelpa å skriva om kjenslene og tankane sine, til dømes i form av eit brev til den døde.

Snakk med hovudlæraren din om korleis du vil bli møtt på skulen, be om ekstra tid på prøvar og ekstra undervisning viss du føler at du treng det.

Ver tolmodig med venene dine, og forsøk å forklare korleis du har det. Behald kontakten med vener, sjølv om du også treng tid for seg sjølv.

Dette kan vener og klassekameratar gjera:

• Ta aktiv og tidleg kontakt, ikkje unngå den som er råka. Ikkje ta kontakt fordi du er nyfiken, men vis at du bryr deg. Ei helsing eller ein klem varmar.

Vis respekt for at reaksjonar er ulike, og ver varsam med å gi råd til korleis den som har mista nokon skal reagera.

Høyr om personen har lyst til å snakka om det som har skjedd, men ikkje press nokon til å snakka.

Føreslå sosiale aktivitetar, sport, turgåing eller anna.

LES OGSÅ: «Saknet er like stort, men ikkje like sårt»

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE