Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Georg Ulveset er, som det så beskrivande står på omslaget av boka ”ein middelaldrande, fråskild lektor som innser at han er misfornøgd med dei fleste val han har tatt i livet, utan at han heilt veit kva han skal gjere med det.” Georg har gode vener, mellom anna ekteparet Ottar og Liv, og ein flust med meir eller mindre vennlege kollegaer på skolen der han arbeider. Han er fråskild, men har ei dotter han er stolt av. Likevel er han alt anna enn nøgd med livet. Georg når botnpunktet når han nok ein gong må ty til flaska og endar opp dritings på jobb framfor gymnasklassa si. Me følgjer han gjennom juletida, då mange uventa ting skjer i den vanlegvis så grå og keisame kvardagen til Georg Ulveset.

Historia har ein interessant start som gir meirsmak. Georg Ulveset er ein mann utan ambisjonar og masse sjølvironi, og me som lesarar blir nysgjerrige på denne litt spesielle typen.  Tempoet og originaliteten er der i dei første kapitla, men så dabbar det av. Ja vel, me skjønar at lektor Ulveset føler seg mislykka i livet og skulle ønskje ting var annleis. Men  treng han å sitje med flaska og synest synd på seg sjølv heile tida? Georg Ulveset blir dritings og pratar skit på jobben. Han blir dritings og pratar skit på hotellet i Bergen. Han blir dritings og pratar skit på julefesten. Og han blir dritings og pratar skit på uoffisielt stemnemøte.  Det blir rett og slett for mykje ”skitpreik” og drikking og lite handling.

Det kjem nokre uventa episodar og overraskingar undervegs, som absolutt byggjer opp spenninga. Men all pratinga og pjattet blir for dominerande. Ulveset sjølv kan ikkje fordra all den unødvendige småpratinga, seiest det i historia. Det er greitt at forfattaren refererer slik dialog for å vise kva ho meiner, men her blir det tydeleg for mykje av det gode. Småpraten blir keisam og tek for mykje plass.

Veke 53 er ein roman som for ein stor del er bygd opp av dialogar. Dialogane verkar realistiske. Trass i at småpraten tek mykje plass, illustrerer forfattaren til gjengjeld veldig godt korleis slik prat både er  heilt meiningslaus og ganske tåpeleg – men likevel er slik ”small talk” påkravd av vaksne menneske om dei ønskjer å bli oppfatta som vennlege. Agnes Ravatn viser også korleis dialog kan uttrykkje både ei kameratsleg, sjølvironisk og flørtande tone. Her trengst det ikkje beskrivingar av ansiktsuttrykk og handling, dialogen uttrykkjer nemleg skarpt korleis stemninga er mellom hovudpersonane.

Kvifor romanen har fått namnet Veke 53, skjønar me av slutten. Det ein oppfinnsam og fiffig tittel. Utsjåandemessig er boka bokstaveleg talt grå og keisam. Dette har sjølvsagt ikkje innverknad på kor god sjølve romanen er, men forlaget kunne med fordel ha valt eit meir spennande omslag. Folk må få lyst til å lese boka. Det gjeld spesielt for denne romanen, ettersom det er ei debutbok og forfattaren er lite kjend.

Språket i romanen er enkelt og lett. Det treng nødvendigvis ikkje vere noko negativt. Likevel kunne forfattaren veldig godt ha valt ein annan valør for å få nivået opp nokre hakk. Det trengst i denne romanen, ettersom også handlinga er såpass enkel i forma.

Eg som ung lesar får i denne romanen innsyn i korleis foreldregenerasjonen, i likskap med ungdommar, kan greie å rote til liva sine. Georg Ulveset er ein middelaldrande mann, verken spesielt ung eller spesielt gammal, og han lever eit heilt ordinært liv. Men når han blir skild frå kona, får han meir perspektiv på livet, og begynner å innsjå at livet hans kanskje ikkje er heilt slik han skulle ønskje at det var. Foreldregenerasjonen verkar ofte så nøgde med liva sine, dei har alt dei treng. Denne historia illustrerer at vaksne òg kan ha mange lengslar og ønske for framtida.

Veke 53 er verken spesielt dårleg eller spesielt god. Historia startar lovande, dessverre varer det ikkje lenge før det blir mindre interessant og meir keisamt.  Det er synd, for eg trur at denne forfattaren har mykje å by på. Men ho greier verken å imponere eller engasjere fullt ut med debutboka si. Kanskje vil det gå betre neste gong?