Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hovudpersonen i ungdomsromanen Siste ytre er 15 år gamle Arvild Nilsen. Han er eit naturtalent på skøyter. Kjappare enn dei fleste. Den beste i klubben. Krinsmeister. Den beste nord for Dovre. Arvild drøymer om å nå endå lenger, men brått rasar skøytedraumane hans saman. Han har ikkje lenger råd til å vera med i skøyteklubben. Medlemsavgifta er blitt for høg, og berre medlemmene får trena på banen om kveldane. Skøyteklubben er blitt eit tilbod til dei med rike foreldre, fin bil og rett adresse.

Mor til Arvild har korkje pengar, bil eller rett omgangs-krins. Ho er utan arbeid, går på trygd og bur i bustadfeltet Prærien saman med andre arbeidslause og trygdemottakarar. Mora festar og drikk og brukar opp trygda på øl og rus.

Ingen på Prærien driv med idrett. Ingen utanom Arvild. Han vil gjerne halda fram å gå på skøyter, men alt kostar pengar. Pengar han korkje har eller kan skaffa.
Ein dag blir frustrasjonen for sterk for 15-åringen. Kvelden før det store stemnet der både juniorane og skøyteløparar i verdseliten skal delta, strør han sand på isen saman med to kameratar. Fekk dei ikkje sjå skøyteløp eller bruka skøytebanen på grunn av pengemangel, skulle ingen andre få glede av det heller!

Driv og spenning
I same augneblinken ugjerninga er gjort, angrar han. Gjennom ei veksling mellom gripande skildringar av redsla for å bli avslørt og korte tilbakeblikk om livet til 15-åringen, formidlar forfattaren ei sterk, spennande og gripande historie. Innlevinga hans og evna til å skildra kjensler, miljø og sinnsstemningar blir ofte framheva som hans store styrke. I Siste ytre har han vist dette endå ein gong. Det er nesten som om vi kjenner redsla, sorga, sinnet og det dårlege samvitet til Arvild på kroppen. Som om vi ser og høyrer den fulle mor hans, kjenner pusten av øl, ser for oss kaoset av tomme ølflasker og det tomme kjøleskåpet.
Trass i at Siste ytre er ei bok om urettferd, vonbrot, feigskap og vonde kjensler, er det på ingen måte ei sentimental bok. Her er driv og spenning frå start til slutt. Boka har også mykje håp, varme, samhald og optimisme. Hovudpersonen er sterk og stolt og nektar å gje slepp på draumen om å lukkast på isen. Han vil visa at det også kan koma bra folk frå Prærien. Forfattaren veit å overraska lesaren. På uventa vis får Arvild likevel delta i det store skøyteløpet. Korleis det går til skal vi ikkje røpa. Her byr historia på ei uventa hending.

Spenninga toppar seg i det store skøyteløpet der juniorane skal konkurrera. I ein gammal trikot med hol på knea og rumpa, men med nyslipte, sylkvasse skøyter stiller Arvild til start. Det blir eit uhyre spennande løp! Arvild gjev alt. Han går ikkje berre for seg sjølv. Han går for folket sitt. For bestemor si i ei lita stove på Finnmarks-kysten. For den ulukkelege og fattige mor si. For dei alkoholiserte venene hennar. For klassekameratane sine på Prærien. For alle som ikkje er noko verde.

Koss & Co
Handlinga er lagd til byrjinga av 1990-talet den gongen Johann Olav Koss var ung og lovande. Forfattaren nemner også ei rekkje andre skøyteløparar frå verdseliten på denne tida. For dagens 15-åringar, som den gongen knapt var bleietørre, kan dette kanskje verka litt perifert og framandt, men historia er så medrivande og sterk at dette truleg ikkje er noko stort problem. Bodskapen i boka er minst like aktuell i dag. Kommersialiseringa av idretten og pengemaset i samfunnet har ikkje blitt mindre. Ei aktuell og engasjerande bok som gjev inntrykk.